Skitur på Vikafjellet.

 

Enkelte dagar vert av og til mykje finare enn først antatt og denne dagen er ein av dei --- :-)

Kunne skrive lang stil om forløparen til denne turen

men kort fortalt så kom det spørsmål / påstand frå ein god kollega og turgut ute frå kysten for lenge sidan

om at han hadde ynskje om å vera med på skitur i fjellheimen som eg er innom når eg har anledning.

Er lett å prata om turer osv uten at noko skjer

men ved overgangen til dette året kom tlf om at no har me eit NYTTÅRSFORSETT , me skal på tur --- :-)

Datoer vart planlagt uten at alt klaffa inn fram til i dag,

da var fridager på turnusen vår, sol og blå himmel samstemte ---- :-)

 

Dagen i dag var det som alle drøymer om i fjellet og stikkorda er fylgjande:

Sol, blå himmel , absolutt vindstille heile dagen ,

blå Svix føre på nokre cm med nysnø ( frå 1.ste påskedag ) som var urørt i området me var i --

--- er ikkje meir å sei om det --- :-)

Er kjekt å ta bilder når alt spelar på lag i fjellheimen,

så anbefalinga no er at De set på litt fin musikk i bakgrunnen på datamaskina og vert med på tur --- :-)

Eit alternativ til musikk er å klikke på denne linken

http://www.youtube.com/watch?v=5tN3ZYj836w

og for å få den fine fjellstemninga så "spoler" De fram til ca 15 min ut i konserten , legg musikkvinduet i bakgrunnen

og så nyt de fjell og musikk samtidig framover --- :-)

 

Byrjar før skia er komme under beina,

guten ute frå kysten er klar for tur i ukjent terreng  --- :-)

 

 

Dagens første topp med varde på var Skjelinganosi 1331 moh som er til høgre i bildet her.

 

 

Utsikt mot bla Skjelingavatnet

 

 

Utsikt retning Bjørndalskamben ( til høgre ) og Dueskardet.

 

 

Forsering av snøskavel uten rasfare.

 

 

Teksten på dei to neste bilder av to gode turkollega er som følger: Me har det godt  :-)

 

 

--

 

 

Tilbakeblikk.

 

 

Er ikkje så mykje anna å skriva her enn at me klagar ikkje --- :-)

 

 

Første topp er ikkje langt unna no.

 

 

Varden på Skjelinganosi, 1331 moh.

 

 

To glade kollega ved varden på Skjelinganosi. foto: sjølvutløysar

 

 

Nokre utsiktbilder frå Skjelinganosi, først mot Sognefjorden

 

 

Utsikt retning vest

 

 

Utsikt mot sør

og neste topp me skal oppom er høgaste toppen de ser omtrent midt mellom skistavane og varden

 

 

Me klaga ikkje på vær å føre -- :-)

 

 

Tilbakeblikk

 

 

Er ikkje så mykje å skriva om bildet her,

dvs kunne sikkert bruka fylgjande som tittel på bildet:

Einspora lokførar ---- :-)

 

 

Einaste uroa me hadde i fjellheime i dag var dei som fèr oppe i lufta.

 

 

Me nærma oss toppen på Grønndalsfjellet.

 

 

Kan ikkje verta så mykje finare før toppen enn dette --- :-)

 

 

To glade kollega ved varden på Grøndalsfjellet, 1375 moh.  foto: sjølvutløysar

 

 

Nokre utsiktbilder,

først mot øst med bla Bjørndalskamben,Dueskardet,  Solheimsfjellet, Viksetnipa , Uraskarfjellet , Fyresnipa og Blåfjellet.

 

 

Mot vest med Raudberg omtrent midt i bildet

 

 

Mot Lønahorgi

 

 

Mot nord der me kom frå.

 

 

Utsikt mot stølar i Sendedalen, Finnbufjellet og bla Horndalsnuten i bakgrunnen.

 

 

Toppboka måtte skrivast i og da oppdaga underteikna at det er fleire navn enn det som står på kartet på denne toppen.

På kartet står det Grøndalsfjellet men på folkemunne så er navnet Skabotneggjen brukt.

 

 

Ein glad lokførar i sitt rette element,

dvs, fortsatt 1375 moh. , sol,  kaffi , kvikklunsj og miljøluft --- :-)

 

 

Var ein glad lokførar dette også ,  1375 moh. , ---

 

 

--- som hadde eigenbakt sjokoladekake ( svært luftig å god :-)  ) samt andre godsaker å nyta i sola her oppe --- :-)

 

 

Avsluttar bildeforteljinga på nedturen.

To gode kollega har fått varme i kroppen medan dei gjekk oppover her

og

to gode kollga har hatt nytelse i det fine silkeføret nedover her --- :-)

TAKK FOR TUREN,

tilsvarande gjør me oppatt når fridager på turnusane våre er samstemte --- :-)