Fisketur i høgfjellet.

 

Ny og kjekk fisketur er vel gjennomført i vårt fine nærområde.

Etter at me fekk innvilga 2 overnattingar i fjellet i fjor så er det no vorte ein svært god tradisjon.

Nytt i år var ein ny go-bil som transportmiddel til fjellet

og så var det endring på båtfører rolla slik at tidlegare båtfører verkeleg kunne få visa at han var den beste fiskaren,

og da skjønner De at konkurransen er svært hard  ------ :-)

Fotoapparatet var som vanleg med og med det ei skildring nedover her av korleis 3 goè gutar kan nyta fjellivet :-)

 

 

På føreste bildet er me klar for sjøsetting

og som De ser var skodda rimeleg tjukk no --- var noko spente på navigeringskunnskapane til den nye båtføraren ----.

 

 

Omlasting frå bil til båt -- og her fekk lattermusklane trimma seg skikkeleg.

Jau, De ser heilt rett --- trillekoffert på fjelltur ---- ?? --- :-)

 

 

Båtføraren er komme "på havet" og det virker som han har kontroll.

 

 

Skodda letta og det vart fint resten av turen.

 

 

jau, må verta bilder av oss tre gutane også.

Først båtføraren ----

 

 

--- så tidlegare år båtførar som har funne go-plassen i baugen og no verkeleg skal visa at han kan fiska ---

 

 

--- og så underteikna som sit å drøymer om å få den største fisken på turen ---- :-)

 

 

Kven som fekk første fisken ? ----- heilt rett --- han var ikkje enkel no --- :-)

 

 

vart eit godt glis på underteikna også sjølv om det ikkje vart største fisken ---.

 

 

Me er komme på land etter ein fin båttur,

campingplassen er rigga og nytelsen av vårt fine land er komme.

 

 

Bilde ein anna veg av campingplassen.

Og så kjem det sikkert mange spørsmål om kvifor her er tre telt, forklaringa er enkel:

Me lyt nok vedgå at alderen fortel at me vil ha det komfortabelt,

er noko med at nokon må ut å strekke på beina ( ein fin måte å skriva om nødvendige ærend ) minst ei gang i løpet av natta

medan andre kan venta til grytidleg morgon å strekka på beina.

Og i staden for å vekka kvarandre så vart det komfortløysinga med kvar sitt telt ---- :-)

Partyteltet er sjølvsagt med, har vore med kvart år i tilfelle regnsbyger ---

går inn under komfortbegrepet det også --- :-)

 

 

Innkvartering i teltleiren ----

jau me lyt nok erkjenna at guten med trillekofferten hadde det rimeleg bekvemt her

etter at stein-stranda mellom vatnet og grasbakken / tùene var passert --- men i ...... da

------ var ikkje vanskeleg å komma over teskelen for ein god latter ------- :-)

 

 

Meir om komfort.

Å få godt liggeunderlag kan gjerast både manuelt og maskinelt ---

skal ikkje skriva meir om kven som hadde beste komforten her ----.

 

 

Endeleg er campèn ferdig rigga og no er det berre nytelse av fjellivet.

 

 

Jau, me hadde ved med oss dette året også --- skal jo steike mat og halda varmen to kveldar.

 

 

Me er komme ut for å prøva fiskelukka at, campèn er ikkje vanskeleg å finna tilbake til.

 

 

Litt fiske frå land i vår fine natur.

 

 

Tilbake på campèn og det er mykje som er kjekt å ha.

Dette halve reinsdyrhornet egna seg svært godt som handuktørkestativ :-)

 

 

fangsten første dagen vart ikkje så verst den :-)

Og så kjem sikkert spørsmålet om båtføraren ikkje fekk fisk ?

Jau, men når det skjedde var  fotoapparatet å fiska eit stykke unna ---.

 

 

Sola har snart tatt kveld og me har fått fyr i grua.

 

 

Turen til kjøleskapet ( for å lagre fisken ) var lang i år,

var både bratt og steinete terreng opp til nærmaste snøfonn.

Guten som var førstereisgut i fjor fekk oppdraget med å vera kjøleskapansvarleg dette året også,

turansiniteten er sterk ----- :-)

 

 

Kveldsstemning,

potèpanna kokar og med det nærmar det seg eit gourmet måltid.

 

 

Kva som er på menyen saman med våre kokte poteter første kveld ?

Me kom fram til at det er nok med ein fiskemiddag

så da vart det kvitløksmarinert ytrefilet av hjort denne kvelden.

Vår gode kokk ( han som fekk første fisken ) er flink.

Steinen rundt grua hadde fått svært god varme og fungerte ypperleg som steikepanne,

og når kokken fekk den steinsteikte filten slik at den var i overgangen mellom rød og rosa i midten så kan det ikkje verta betre ---- :-)

 

 

Morgon med sol og blikkstille vatn --- klaga ikkje på denne morgonstunda .

 

 

Frokost på gang, må jo ha god sikringskost i kroppen for ein lang fiskedag --- :-)

 

 

Fisket denne dagen vart ikkje det beste.

Sol og blikkstille vart erstatta av nord-vest vind

og som mange av dykk sikket har høyrt før så er ikkje norda-vær det beste fiskeværet.

Men me fekk i alle fall so pass med fangst denne dagen at me har middag til kveld nr 2 saman med fisken frå dagen før.

 

 

Så var det kjøleskapguten at da ---

--- var heldig og fekk selskap på turen når fisken fra dagen før skulle ned at til grua ---- :-)

 

 

Mjølblandinga til kokken var som vanleg god ----

 

 

--- og med god varme under rista vart det eit nytt "herremåltid" ---- :-)

 

 

Dag tre:

Tre fiskar på morgonen, campèn vart rigga ned og me fiska på tilbaketuren til bilen.

Her lyt me nok innrømma at det var guten som hadde go-plassen i baugen på båten som var storfiskaren denne dagen.

Fin fangst å ta med heim dette :-)

 

 

Avsluttar referatet frå vår kjekke tur med to utsiktbilder frå campingplassen

der fiskekameratane peker på omkringliggnande fjell

og er sjølvsagt heilt sikre på kva fjelltoppane rundt oss heiter.

Bildene vart tatt med tanke på utskrift og innramming med navn på sidan dei peker så fint på toppane,

men kan jo før eg kjem så langt spørja forskitig :

Og fjellet bak her heiter ---- ??? ---

 

 

--- og fjellet det vert peka på her heiter --- ??

Takk for Turen ---- !