Kveldstur på Lønahorgi, 1410 moh.

 

Laurdag ettermiddag, fint vær og ein 15 år gammal draum skulle realiserast :-)

Det fine været var litt utrygt, men underteikna er født optimist, så eg hadde trua på at værprofetane ville bomma :-))

Denne draumen består av fylgjande:

Gå frå trappa heime og opp på Lønahorgi ( ca. 1260 høgdemeter ),

få med seg solnedgang , sova litt under open himmel

og så få med seg soloppgang før heimturen.

 

Sekken vart pakka med fotostativ ( fotoapparat kan ikkje vera i sekken ), sovepose, liggeunderlag,

varme klær, god mat og god drikke, sekken vart helst tung :-(

På første bilde er undertekna klar for avgang kl. 17.35. foto: kåno

 

 

Så vil det verta mange bilder nedover her

som fortel litt kva me ser på turen frå trappa og opp på Lønahorgi.

Først mot Lønavatnet frå Bavallen.

 

 

Er komme bort frå opparbeidd veg, dei velkjende T-ane viser veg

 

 

Nyestølen.

 

 

Utsikt mot Hangur og Gråsida.

 

 

Nærbilde mot Gråsida, Rødekors hytta i framgrunnen.

 

 

Utsikt ned mot Skulestadmo.

 

 

Nærbilde av boligfeltet der underteikna bur.

For dei som har gode auger så kan De sjå at Kåno sit i kveldsola på trappa -- :-)))

 

 

Fint spaserterreng mellom topp av Horgalettheisen og første Kvilehytta.

 

 

Første Kvilehytta.

 

 

Terrenget vert meir steinete.

 

 

Hytta på Klepp, til høgre i bildet ned mot Palmafossen.

 

 

Snøfonn over Klepp, i tilfelle dette var siste solstrålar :-)

 

 

Mykje stein i T-vegen.

 

 

Utsikt mot frå venstre Haugo, Nyre, Rongve, Songve, Rokne,  Gjernes,  Gjelle og sørover Bordalen.

 

 

Øverste Kvilehytta.

 

 

Toppen nærmar seg :-)

 

 

Lønahorgi.

 

 

Så vart det nesten slutt på sola,

måtte skunda meg for å få tatt det siste solbildet før sola vart borte etter at toppen var nådd kl. 21.15  :-)

Ser ut som at værprofetane får rett denne gangen -- :-(((

 

 

Underteikna og den tunge sekken ved varden på Lønahorgi, 1410 moh. foto: sjølvutløysar

 

 

Diverre ikkje så mange utsiktbilder frå toppen pga disig vær,

men eit par vert det, først mot Kyte / Lemme ----

 

 

----- og ned mot Lønavatnet.

 

 

Diverre så vart det kaldt og surt sjølv om dei varme kleda i sekken vart brukte,

nesten naglebit på fingrane, hadde ikkje vottar med :-(

Årsaka til kulden lyt nok all snøen innover mot Kvitanosi ta skulda for ( bildet under ).

 

 

I staden for bruk av sovepose så vart det retur, nederlag ---:-(

men dette kan gjennomførast att ei gong seinare.

Så til bildet under som er tatt kl. 22.20 med fylgjande kommentar:

"Til Lønahorgi: Eg kjem att ei gong når været tillèt soloppgang og solnedgang -- :-))  "

 

 

Er komme nedom første Kvilehytta og dette kveldsbildet dukka opp.

 

 

Avsluttar med kveld/ natt kl 00.20  mot Skulestadmo/ Lønavatnet