Reinsdyrjakt.

 

Dagen byrja svært tidleg, klokka ringte kl. 03.45,

så frokost før for jaktkameraten skulle hentast 04.30.

Kva som er så tidleg ?

Jau på posteringsvakt første jaktdagen på hjortejakta :-)

 

Hjorten hart tydleg vis lese almanakken så den kom ikkje fram i grålysninga,

så ca kl. 06.45 vart det kveld på den turen.

Da var det heim å pakke sekken for fjelltur og så retning Stalheim og fjella over der.

 

Byrjar med kart over området ( scanna inn kartblad nr 1316 I )

Den røde streken viser omtrent spaserturen i dag,

og pkt nr. viser kvar reinsdyra er på dei forskjellige bilder.

Dersom De studerer kotehøgdestreker på det innscanna kartet så skjønner De at det har ikkje vore flatt heile tida --- :-)

 

 

Første bilde er tatt litt over stølen Vikset der bilen vart parkert vart ca kl. 09.00.

 

 

Ei lita stund seinare.

vart det bilde av ein fjellknaus uten navn på kartet som ligg like over stølen Vikset.

 

 

Eit par hunde meter etter bildet over kom 5 reinsdyr kom spaserande forbi og det vart pause.

Diverre så hadde ikkje dei tid å stoppe når blinken var god nok.

Er ikkje mange jægrer som hadde brukt skallen som blink på ca 100 meter

eller trykt på avtrekker når reinsdyra "lunker" i fint reinsdyrtrav forbi på ca 75 meter.

Ikkje bilde av desse dyra på nært hold,

men bilde når dei var komme langt forbi --- er 5 dyr omtrent der pila er ( pkt 1 på kart )  :-)

 

 

Kikkert vart brukt grundig og litt etter bildet over vart det bilde av ein flokk på ca 150 dyr oppe på Russanosi,

pkt 2 på kart

 

 

Så er eg komme opp på Russanosi,

 og på svært kort avstand var dyra komme nordover att  frå den retning dei hadde gått ( mot vinden ).

Da var det på tide å sleppe fra seg sekke og til med "lav åling ) i mosen,

men da var dyra rikeleg langt borte :-(

Bildene under er tatt med full zoom ( 105 mm ) og avstand er mykje over 100 meter.

Er fint å sitte bak ein stein å sjå på desse i håp om at dei kjem nærmare --- :-)

Som jæger så er det mange fine blinker her ---, men er diverre alltid nokon bak ---.

Dei 3 bildene under er i samme område som pkt 2 på kartet.

 

 

Dårlege blinker her på rikeleg avstand --- og mange er ikkje rette sorten ut frå løyvet vårt

 

 

Litt oppblåst nærbilde frå bildet over,

storbukken som ligg  har funne roen ( var fleire av denne svært store sorten i denne flokken ) :-)

 

 

Dyra vart borte att --- merkeleg kor mange auger som ser i ein flokk på ca 150 dyr -----.

Neste gang me såg dyra att var dei komme ned i botnen mellom Russafjellet og Øyestølsfjellet, pkt 3 på kartet.

'

 

 

Me er komme på på Øyestølsfjlellet,

og under ein kafipause saman med kikkert fant me dyra att,

litt under toppen av Berdalsnipa som er heilt til venstre i bildet, pkt 4 på kartet.

 

 

Etter bildet over var det ein god time å gå før me muligens såg dyra at med rette vindretning,

og da viste Fresvikbreen seg med eit fint lys.

 

 

Utsikt frå Fyresnipa mot nord  innover mot Stora Muravatnet der eg var på tirsdag å onsdag.

 

 

Berdalsnipa frå brekkene under Fyresnipa.

 

 

Mot toppen av Fyresnipa til venstre og dersom eg ikkje har lese feil på kartet er det Blåfjellet som er i bakgrunnen.

 

 

Varden på Berdalsnipa med Nosafjellet og litt av gardane i Nosi.

 

 

Klokka er ca 17.15 og ein glad jæger har felt sitt første reinsdyr ved pkt 4 på kartet, ei ung simle ( 1.5 år )

 

 

Sherpa er kjekt å ha med seg,

jaktkameraten prøver sitt nye slepetau sidan det ikkje var så svært langt til bilveg -- og det virka bra :-)

Utfordringa no var å henta bilen som står på Vikset,

men med kjekke folk ute på bygda så ordna dette seg svært godt.

Sparte eit par timar gange på det -- :-)

Reinsdyrjakta er over for i år,

Takk til jaktkameraten for fine turar i fjellheimen -- no er det berre hjorten att :-)