Søndags tur på Veskrehorgi.

 

Etter veldig mange år var det på tide å komma seg opp på Veskrehorgi att.

 

Utstyrd med fiskestang, pose til molter, kaffi og fotoapparat.

Først:  fiskestanga vart det ikkje tid å bruka

( for seint oppe og så var det fint å berre sitja å sjå utover også ),

litt ( ca ein nève ) molter med heim slik at dei heime skulle få smaka fjellet`s gull,

kaffien er alltid god i fjellet og

det vart mange bilder :-)

 

Første bilde og er no kommen opp til vardane i høgfjellet.

 

 

På veg mot varden på Veskrehorgi.

 

 

Snart oppe ved varden.

 

 

Toppen av Veskrehorgi, 1134 m.o.h. Hardangerfjorden i bakgrunnen.

 

 

Nærbilde mot Hardangerfjorden og Kinsarvik.

 

 

 Utsyn mot Hanselavatnet, 809 m.o.h.

 

 

Hytta ved Hanselavatnet.

 

 

Litt av stølshusa på Helgaset frå toppen,

 er fleire stølshus her som ligg litt innunder fjellknausen nærmast på bildet.

 

 

Kaffipause med fin utsikt.     foto: sjølvutløysar

 

 

Var fleire som kjende kaffilukta -----

to forvirra "ulldottar" som var sikre på at dei var åleine i fjellet :-)

 

 

Vart litt tryggare når mor også kom fram -- :-))

Som De gjerne ser så er det rimeleg luftigt beite dei har funne seg.

Vatnet ( elva ) til venstre er i Nondalen mellom Hanselavatnet og Helgaset ca. 840 m.o.h

og saune er heilt ute på stupet ca. 1125 m.o.h

 

 

Frå Veskrehorgi mot Grønahorgi.

 

 

Utsikt retning Vossevangen,

litt av området på Raugstad bak i bildet og Kalvatjørni over Fere til høgre.

 

 

Mange vardar på Veskrehorgi,

denne står litt over Fossabrekkene ( lokalt navn mellom Svartatjørni og horgi )

 

 

Vilt og vakkert på Veskrehorgi, er fortsatt nokre små snøfenner att.

 

 

Ikkje alle som brukar beina for å sjå fjellet :-)

 

 

Ein som hadde det helst travelt -- :-))

Haren på bildet var einaste viltet som vart sett på turen

 

 

 Utsikt mot Grønlivatnet.

 

 

På veg ned mot Svartatjørni.

 

 

Så var det moltene ( multe) Rubus chamaemorus . Meir om molta ved å klikka på tekst

 

 

Avsluttar med to som "-- er på stølen for å gjera seg feite" ( omtrent eige utsagn ).

Underteikna vil tru at det helst er lite dei sit i solveggen,

dei nyt nok mange fine turar i fjellheimen :-))