Ikkje vanskeleg å vera skiturist når føret er som bildet over -- :-))

Bil til Herresåsen, Bordalen, og så ein fin tur i lett terreng mot Grønahorgi, 1166 moh.

 

Først ein liten kommentar til 360` panoramabildet frå Grønahorgi.

Bitande kald vind gjorde at det vart noko uskarpt enkelte plassar.

Har prøvd å setta på nokre navn for å visa litt av utsikta.

Navn nede i Vossebygda skal vera Vangsvatnet og Ygre.

 

Så til turen utgjennom Herresåsen.

Fine forhold i Åsen i dag, Grønahorgi oppe til høgre i bildet

 

 

Eit bilde til frå Åsen.

 

 

Lønahorgi frå Otlebogane.

 

 

Utruleg fint skiføre også utenfor løypa, så kalla puddersnø :-)

 

 

Otledalen, var fleire enn underteikna som var på tur i det fine været i dag.

 

 

Frå Otledalen mot Grønahorgi, toppen midt i bildet.

Er fleire som har spurt kor lag tid det går for å nå toppen frå Otledalen.

Alt etter tempo, men 1 - 1,5 time så er mykje av turen til toppen gjort.

 

 

Er kommen over tregrensa og utsikt nedover mot Otledalen.

 

 

Litt ujamt føre oppe i høgfjellet.

 

 

Varden på Grønahorgi.

Diverre bitande kald vind på toppen, så oppholdet vart helst kort.

 

 

Eit bilde til av varden, 1166 moh.

Horndalsnuten til venstre og Vassfjøro på Hardangervidda til høgre for varden.

 

 

Utsikt til Nesheimshorgi, til venstre, Grønlivatnet og Skåndalshorgi.

Bak i bildet innover Hardangervidda

 

 

Avsluttar med utsikt ned til Vangsvatnet og boligfelet vest for Vossevangen, Gullfjordungen.