Fjelltur med fiskestang og fotoapparat.

 

Dette var ein svært fin inngang til frihelga, ferdig på jobb tidleg på natta

og sommarnatta ( som no er vorte haustnatta ) skal ikkje sovast bort --- og da vart det tur denne dagen :-)

Utstyrt med fiskestang og fotoapparat ( der eg i ettertid angrer på at telelinsa ikkje var med på tur )

så gjekk underteikna kort foralt "av hengslene" med knipsinga.

Prøver å fatte meg i kortheit med bilder her,

vil tru de skjønner nedover her kvifor dette var ein naturopplevelse med fotoapparatet

sjølv om mi gode telelinse ikkje var med ( har med vekt i fiskesekken å gjera )

Om eg fekk fisk ?

Hadde nyinnkjøpt håv med meg i tilfelle fisk slik dei seier det var i gamle dagar der inne

og om bruken av den kjem det status om lenger nede.

Men kan sidan fangsten ikkje vart den stooore med fiskestanga røpa kvar eg har vore på navn nedover  --- :-)

 

På første bilde er eg komme på Brekkeldaen og utsikt mot stølane på Vikset

 

 

Bilen er parkert og me ( Frøya og meg ) skal innover ( nord-over ) dalen her og gjennom skaret omtrent midt i bildet,

Uraskaret er navnet.

Runssanosi til venstre ( vest ) og Øysestølfjellet ( øst ) til høgre.

Da har De himmelretningane, så kjem det nord/sør/øst/vest i teksten nedover har De kontrollen :-)

 

 

Gjekk ikkje lange stunda før Frøya var den optimale lomhund ( lemen ) jegeren ---

sjølv om ho veit at underteikna tar dyra ut frå jægerkjeften ----.

 

 

Måtte berre ta bilde mot Russanosi/Uraskarfjellet

når eg såg korleis me gjekk unnabakke i fjellsidene her under reinsdyrjakta for nokon år sidan,

gode minner :-)

 

 

Uraskaret nærmer seg

 

 

Naturen endrer seg fort, plutseleg kom ca 250 + - reinsdyr nedover fjellsida -- og jakta var over for underteikna ---.

 

 

Hadde børsa vore med så vil eg tru at det hadde vorte noko snikjakt tidleg i jakta ( pga brunst )  for å få go blink her,

men på ei anna side så er blinken svært god her når avstanden var under 30 meter  ---- :-)

 

 

 

Nokre reinsdyrbilder ----

 

 

--

 

 

Skal vera svært forsiktig med om skriva om evnt avkom frå denne leiken --- storbukken står svært roleg -------.

 

 

---

 

 

Plutseleg fekk me besøk av denne Ørna,

ut frå bilder lenger nede her så trur eg ( til det motsatte er bevist )  at dette er havørn.

 

 

På toppen i Uraskaret

 

 

Turen vår går vidare, Blåfjellet som høgste pkt bak i bildet

 

 

Me vender vestover og målet vårt er Ytredalsvatnet bak i bildet

 

 

To bilder frå Ytredalsvatnet som var dagens mål for å få storfisken.

 

 

--

 

 

Sola var fiiin, vindretning frå sør / sør-vest, litt krusninger på det fine vatnet --- og ellers alt vel --

--- ser me bort få at fisken ikkje beit med to gode fisketimar ---

-- eit unntak -- ein 15 gram sluk flyg jæ,,,, laaangt når taumen ryk heilt der ute under eit godt kast -----.

Og da ha de fått fangstmeld ---- :-)

 

 

Måtte berre ta dette bildet -- :-)

Frøya er ein meget tilpassningsvenleg kamerat og her er ho binde fast ( som De sjølvsagt ser omtrent midt i bildet ) 

og passer godt på sekken min.

Alternativ ?

Ja --- gå laus og hoppa etter slukane eg kaster ut i vatnet for å prøva å få fisk ----

 

 

Heimketur, Fyresnipa lengst bak

 

 

Været klaga me ikkje på :-)

 

 

Frøya er det eg vel å kalle ein badekamerat --- var ikkje fisk som hoppa her --

men eit eller anna som tilfeldigvis datt ned frå der oppe  :-)

 

 

 

Eit symjebilde til av Frøya som måtte vaska se godt etter leik i reinsdyrskiten  :-)

 

 

Tilbakeblikk mot Blåfjell

 

 

Kaffipause -- da kjem me fort :-)

 

 

 

Så nokre bilder av Ørnene.

Hadde som skrive lenger oppe ikkje god telelinse med meg eg trur dette er havørn ---

 

 

--- og dette er Kongeørn ---

 

 

--- og her er det kongeørna som får kjeft av to ravnar.

Kort fortalt --- det gjekk med ein ekstra kaffikopp for å få dette naturfenomenet med seg :-)

 

 

 Frøya har skjønna at når eg set meg ned på ein stein så skal ho sitte på stein også ----

likt skal det vera ---- :-)

 

 

Solnedgang på Russanosi ----

 

 

-- og etter at sola var borte vart det bilde av denne store reinsdyrfokken som siste bilde denne fantastiske dagen,

neste gang har eg telelinsa mi med ----.