Voss Musikklag har vore på Blåtur.

 

Endepunktet for turen var Florø der me hadde eit glimrande opphold.

 

Mange bilder nedover, meir bilder ved å klikka her.

 

På invitasjonen frå vår eminente turkomitee til denne tur så stod det bla. at

helikopteret flyr på "fræddan" kl. 09.00 presis.

Så underteikna såg for seg noko omtrent som det med propell på første bilde -- :-))

 

 

Diverre var været helst vått og grått, så det vart buss i staden ----

( men det var ikkje noko galt med det takka væra ein kjekk bussjåfør som var med oss heile vegen )

Her ferja vår som frakta oss over Sognefjorden frå Oppedal til Lavik.

 

 

På ferjekaien i Oppedal og musikklaget er ute for å spela litt for dei i ferjekø.

 

 

Når Voss Musikklag er på tur så er det som oftast sang på bussen,

her frå musikklaget sine "samlede heimelaga verker".

 

 

Mykje fin natur på Vestlandet slik som denne fossen.

 

 

Ny speling på Horne i Sunnfjord der me også fekk servert kaffi og gode kaker av jentene i bygda

 

 

Mjølkespann som er gått ut på dato kan brukast til mykje :-)

 

 

Utsikt mot Førde sentrum.

 

 

Er snart framme i Florø og sola er på veg fram etter lange tider med regn.

Tru om me får fint vær denne helga ??

 

 

Hytta vår på Campingplassen.

 

 

I Florø var det sildefestival denne helga, noko av det me ville sjå litt nærmare på :-)

Sildebordet var DIGERT, noko over 350 meter langt vart det fortalt

og mykje sild i mange variasjoner som vart servert med poterer, brød samt drikke.

 

Eit bilde frå ein liten bit av sildebordet, og som De ser så er det mykje folk i gata.

 

 

Vossingar ved sildebordet.

 

 

Kveld og besøk på ein av byens resturanter.

Kan ikkje klaga når me kan sitta ute i kveldssol til klokka er nesten 23 -- :-))

 

 

Kveldssol i Florø ca. kl. 22.50.

 

 

Ny dag og musikk i gata i Florø.

 

 

Etter ein runde i gatene vart det tur utover sjøen frå Florø.

Øya Kinn og Kinnaspelet 2005 stod på programmet.

 

Før De ser bilder så er det berre ein ting å sei om dette:

Glimrande !!

 

Nedover her så kjem det noko bilder frå øya Kinn og litt utsikt frå øya.

 

 

Mot nabo øya Rekstad ( dersom underteikna ikkje har lese feil på kartet )

 

 

I dag er det 10 fastbuande på øya Kinn, her litt av bustadhusa.

Til høgre i bildet ope hav, Shetland er neste stopp vart det sagt

 

 

Velkomst komitee til Kinnaspelet.

 

 

Er snart ved utescenen som ligg i mektige omgivelser

med ope hav på eine sida og stupbratte høge fjell på andre sida.

 

Bilder frå Kinnaspelet 2005 under eigen link til venstre i menyfeltet.

 

Etter ei strålande førestilling var det spaserturen tilbake til båten, ca. 1 km.

Sola var komme fram att og då eit bilde til innover mot naboøyar.

 

 

Tilbake på land og eit fint syn:

Sol med ring rundt.

 

 

Morgon nr. 2 og studie av morgonstemning frå hytta.

 

 

Sola kjem opp.

 

 

Morgon på svaberget ikkje langt frå hytta

( dette bildet ligg også som stort bilde under "bakgrunnsbilde" øverst i menyfeltet )

 

 

Var mange tilreisande til Florø denne helga.

Kom i prat med fleire på campingplassen,

bla. desse tre gutane frå Sogn som nett var ferdig med egg og kaffi-kokinga før konene var oppe :-)

 

 

Avsluttar denne sida med to stykker som absolutt ( ?? ) ville på internett

under mottoet:   Godt humør ----- :-)))))

 

Bilder frå Kinnaspelet finn DE på eigen link til venstre.

 

Litt meir bilder frå turen på www.vml.no

eller ved å klikka her