Dagstur i Hallingskeidområdet.

 

Ein enkel fridag etter arbeidshelg er kjekt å ha

og når været var meldt nokolunde så vart det ein ny tur for å leita etter reinsdyra.

 

På føreste bildet er Frøya og eg komme oppover i Buadalen eit stykke

 

 

Har vore lite rovfugl å sjå på turane eg har hatt i fjellet i år

men denne dagen såg eg eit knippe med ravn og ei ørn.

var langt borte så bildet vart litt ymse.

 

 

Tilbakeblikk til Hallingskeid

 

 

Utsikt mot Grøndalsvatnet og Klevavatnet

 

 

Frøya i vinden ved ein varde her oppe.

 

 

Utsikt til Dørmålsvatnet

 

 

Såg 4 ryper også og med litt for mykje zoom på det vesle appartet mitt vart det bilder,

her er den første ----

 

 

--- og her er dei 3 andre.

 

 

Jæger og sauesanker treff på ein vindstille plass

 

 

Og under samlinga på bildet over fekk me sjå to reinsdyrbukkar på god avstand --- me fekk no sjå dei da :-)

har De gode auger så ser De dei noko til høgre for midten på bildet

 

 

Frøya vart fornøygd denne dagen også --- fant ein gevirbit som ho fekk gnaga litt på :-)

 

 

Sauene vart funne og er no komme heim at til bygda etter ein sommar med mykje snø

men også mykje næringsrike og gode beiter mellom snøfennene :-)

 

 

Kryssa T-vegen frå Hallingskeid til Osa oppe i steinriket.

 

 

Stein er det mykje av i dette landet vårt.

 

 

Er komme til Buadalsbråtet der det er fint å nyta utsikta med kikkerten.

Dalføret omtrent midt i bildet er mellom Søre Grøndalsnuten ( høgre ) og Flathaugen- Storhaugane ( med bla Midttoppen ) til venstre.

 

 

Avsluttar med bilde av Søre Grøndalsvatnet

og som Der ser så er det vorte nesten isfritt no i siste halvdel av september.