Påsketur Langfredag

 

Ny Påskefridag med mykje sol samt noko skyer.

I dag lokka underteikna med seg ein turglad kollega ut i fjellheimen på Bordalen

for å visa litt kor fint det er på denne kanten av bygda :-))

 

Målet i dag var Kistenuten på Herdabreia som ligg over stølen Øyaset sør-øst for Rong.

Kart over litt av området, mer frå samme område på kartet som ligg under *24 Mars.

Har prøvd å streka inn ruta vår frå Øyaset via Kistenuten og tilbake til Øyaset,

har ikkje målestokk på dette kartet.

 

 

Første bilde ved Furuvatnet litt før Øyaset.

Dagens mål er litt lenger bak enn der pila på bildet viser.

 

 

Ikkje den flataste vegen å gå opp her,

løypa ( sommar-bilvegen ) til Allmenningane går nede i dalbotnen,

Tinden der underteikna var i går øverst til venstre i bildet.

 

 

Pust i bakken ca. 950 moh.

og studie av ei gammal og svært krokete Bjørk.

Me vart einige om at den sikkert opplevde unionsoppløysinga for 100 år sidan :-)

 

 

Er komme opp dei brattaste bakkane og eit vilt og vakkert terreng ligg framfor oss.

Me skal no same retning som bildet er tatt.

 

 

Stemningsbilde mot Grim til høgre, den andre toppen på fjellpartiet Herdabreida.

 

 

Ikkje langt att til toppen og turkameraten er "på veg til himmelen" :-))

 

 

Endeleg toppen og nokre utsiktbilder,

først mot Lønahorgi ( midt i bildet ) og Veskrehorgi ( det svarte fjellet til høgre i bildet ).

 

 

Mot Vassfjøra ( omtrent midt i bildet ).

 

 

Mot Hardangerfjorden og Kinsarvik.

 

 

Utover Hardangerfjorden.

Lussand ligg ned frå venstre hjørne i bildet.

 

 

Eit bilde til utover Hardangerfjorden,

er rimeleg sikker på at det er Varaldsøyna som ligg bak fjorden omtrent midt i bildet.

 

 

Fotografering.

Meir utsikt frå toppen av Kistenuten , 1117 moh.

ved å klikka på * 25 mars Herdabreia panorama.

 

 

Lang pause på toppen i det fine og varme været.

Matpakka smaka ekstra godt i høgfjellet :-))

 

 

På veg ned att og stemningsbilde eit stykke nedom toppen.

Dette var det siste sola var godt synleg i dag.

 

 

Avsluttar etter ei fin ( ?? ) nedskriing mot Gjellestølen.

Turkameraten vil sikra seg bilde av det ville terrenget her oppe.

Løypa vår kom oppe frå høgre i bildet, bak den svarte fjellknausen -- :-)))

Takk for turen,

noko tilsvarande må me gjera fleire gonger : -))