2 dager

Reinsdyrjakt

med overnatting i fjellheimen.

Da har det vore to fine dager i fjellheimen,

dvs første dag kunne vore betre

pga ein del drivende skodde

som gjorde at det var dårleg vær for kikkerten.

Dagen i dag var mykje betre, noko skodde på toppane på morgonen men vart fint utover føremiddagen :-)

Eit lite Ps dersom De lurar på kvar turane har vore desse dagar.

på kartblad nr. 1316 I og 1316 IV finn de dette

 

Dag 1, grytidleg oppe for å rekke mest mulig :-)

Bil litt oppom Nosi ( innerst i Jordalen ) og så prøve beina litt :-)

Klokka er ca 07.10 og me er klar for stigningen frå stølane i Berdalen, beina fekk prøva seg her ---- :-)

 

 

Stølane i Berdalen og utsikt med litt skodde innover Berdalen

 

 

Fint lys under skodda oppe i Storebotnen.

 

 

Så var me heldige ei lita stond på Nosafjellet, skodda vart borte :-)

 

 

Varden på Nosafjellet, 1185 moh.

 

 

Det som skulle vera fin utsikt nedover Jordalen vart studie av skodde.

 

 

Utsikt ned på stølane i Berdalen.

 

 

Utsikt mot Fresvikjordalen.

 

 

Me er komme ned til bilen att og kjører no over mot Brekkedalen

og bilde mot gardane i Nosi og Nosafjellet ( oppe til venstre ) der me har vore.

 

 

Hadde ein god ide om å gå innover frå stølen Vikset før me reiste på Vikafjellet,

men regn og skodde ( dårleg kikkertvær ) gjorde at det berre vart bilde mot Vikset.

 

 

Bilturen gjekk på Vikafjellet, me skulle no inn til hytta ved Svartavatnet.

Første bilde her er retning Store Grungen / Dueskardet.

 

 

Ryper såg me også, hadde 2 kyllinger med seg denne.

Diverre for rypemor så er ho noko sein ute,

kyllingane var langt frå flygedyktige enno så det spørst korleis det går med dei.

 

 

Så er me komme inn til hytta :-)

 

 

Var godt å sette seg ned i solveggen ( uten sol i dag ) å nyte naturen

etter nesten 9 timar gange denne dagen.

 

 

Kveldsbilde frå stoveglaset ca kl. 21.30. Klagar ikkje på utsikta :-)

 

 

Ny morgon ( oppe mellom 6 og halv 7 ) og me er komme inn til stølane i Dueskardet.

 

 

Utsikt mot Ytredalsvatnet der me skal no,

ser ikkje så langt ut -- men det tar noko tid å komma inn der.

 

 

Ser de ørna som sit på steinen på bildet ?

Var eit fint syn da den letta på laang avstand og sette seg fint ned att enno lenger borte.

Såg den med kikkerten og da måtte det prøvast å ta bilde også :-)

 

 

Me nærmar oss Ytredalsvatnet ( er noko seige å gå innover desse botnane )  og tilbakeblikk retning Dueskardet.

 

 

Sauer er det mykje av i fjellet, var over alt i dei gode beiteområdene.

Jaktkameraten har tydeleg vis god lag med sauene,

mest truleg pga godt pålegg på nista i sekken --- :-)

 

 

Ytredalsvatnet med Uraskarfjellet til høgre og Fyresnipa lengst bak.

 

 

Ytredalsvatnet og utsikt mot Blåfjell i bakgrunnen

 

 

Mange store botnar i fjellet, slik som mellom Tverrfjellet og Fossfjellet, me er på veg opp der no.

 

 

Utsikt frå Fossfjellet mot Viksetskaret med Viksetnipa til venstre og Solheimsfjellet til høgre

 

 

Frå Fossfjellet med utsikt retning Sendedalen og Finnbunuten til venstre.

 

 

Er på veg ned att frå Fossfjellet og ei fin naturperle her.

 

 

Avsluttar med bilde mot hytta me budde i ( er midt i bildet ).

Om me såg reinsdyr ?

Nei, dei har nok gått lenger enn me -- så det vert nok fleire turer :-)

Men me har hatt to fine dagar som kjennest godt i føttene --- slapp kveldsturen i dag :-)

Til jaktkameraten:  Takk for turen !