Frisøndag og strålande vær !

 

Slike dagar må nytast

og i dag vart Kåno med opp i området der eg var under reinsdyrjakta,

måtte visa litt kor fint det er der oppe :-)

Målet var Blåfjellet , 1548 moh.,

eit fjell som eg har sett på dei ganger eg har vore på Vikafjellet

og lysta til å komme opp på det som er eit landemerke har vore stor :-)

Kartet under viser kvar Blåfjellet ligg i forhold til riksveg 13 som går over Vikafjellet

samt kvar Nærøydalen / Gudvangen ligg i forhold.

 

 

Tidleg oppe ( 8 er tidleg for å vere søndag )

og bilen vart brukt som transportmiddel inn i Fresvikjordalen ( forbi Jordalen og Nosi ).

På første bilde er me komme innom Nosi og har utsikt innover Fresvikjordalen.

 

 

Me tar her innover til stølane Vikjadalen.

 

 

Bilen er parkert og me skal no opp i skaret omtrent midt i bildet og så videre på kamben som går mot venstre i bildet.

 

 

Vilt og vakkert :-)

 

 

Lemen ( lommhund på dialekt ) er det mykje av i fjellet i år,

men var ikkje lett å få dei til å smile til fotografen -- :-)

 

 

Svært lett å gå enkelte plassar :-)

 

 

Er komme opp til Svelgavatnet.

 

 

Svelgavatnet og litt av Store Muravatnet ( som var mange bilder av på turane mine etter reinsdyra )  til venstre i bildet.

 

 

Dette går fint oppover kamben de såg på eit bilde lenger oppe.

 

 

Tilbakeblikk mot parkeringsplassen for bilen ved stølane i Vikjadalen ( ved steintippen nede i dalen )

og deler av Store Kamben og Snarvegfjellet i bakgrunnen

 

 

Ryper såg me også, ein flokk på ca 15 på laaang avstand og ein flokk  på 5 ryper der 3 av dei kom med på bildet.

 

 

Er ikkje så mange ( ?? ) høgdemeter att til himmelsynet no :-)

 

 

Forsering av delvis islagt vatn mellom steinane.

 

 

Så kom utfordringa, å komme seg opp her med helsa i behold --- :-)

me skal no opp til snøfonna øverst til venstre i bildet.

 

 

Tilbakeblikk med bildetittel:

Snø , stein og to små tjørner :-)

 

 

Da ser me varden å Blåfjellet.

 

 

Kåno meinte det måtte verta bilde av underteikna også :-)

 

 

Varden på Blåfjellet, 1548 moh.

 

 

To glade ungdommar på toppen, eit nytt mål er nådd :-)    foto: sjølvutløysar.

 

 

Svinadalsholtane skygger for Jostedalsbreen, men med gode auger

så ser De litt av denne breen til venstre for Svinadalsholtane

 

 

Nosafjellet og litt av gardane i Nosi med Hardangerjøkulen i bakgrunnen.

 

 

Fyresnipa og Uraskarfjellet.

 

 

Lønahorgi

 

 

Litt meir enn halvdelen ( i lengderetningen ) av Store Murarvatnet.

 

 

Sørenden av Store Muravatnet nærmast,

videre vestover ser De Hemredalsvatnet, Svartatjørn og med gode auger samt lokal geografikunnskap litt avYtredalsvatnet.

Langt bak ser De Bjørndalskamben

 

 

Gjekk fram på kanten ( mot vest ) for å få utsikt for to siste bilder over,

og som De ser så var det rikeleg med stein på vestsida av varden også :-)

 

 

Så vart det bilde av fjelltoppar laaangt mot aust / nord-aust.

Bildet er av fjellkjeda Hurrungane med Store Skagastølstind i midten.

Mange Takk til Dykk som har sendt mail med navn,

er det noko som er gløymt her no så tar eg imot mail med Takk !

 

 

Turen nedatt gjekk omtrent etter samme spora som opp.

Det var ein svært fin dag i haustfjellet :-)

Takk for turen !