Fisketur i høgfjellet.

 

Endeleg har vart det fisketur på underteikna i høgfjellet.

Værmeldingane var gode med tanke på at fisken var bitevillig,

så dette skulle verta året`s tur :-)

 

Men diverre så såg det ikkje så lyst ut i Kvassdalen på veg mot Vikafjellet

på ettermiddagen i går--- :-(

 

 

Har vore inni hytta som me skulle bu i med proviant og så bar det innover,

men skodda var tjukk --- :-(

Ikkje lett å sjå eit godt fiskevatn her, men me var ned i skoddeheimen for å prøva fiskelykka.

 

 

Sauene er også ved godt synlege vegar i skodda, sikkert for ikkje å gå seg vill  :-)

 

 

Ved Bjergane, innerste vatnet i bildet er Kvilesteinsvatnet.

 

 

Nede i Bjergane og kjøp av fiskekort.

Sesongkort dette året så det vert nok fleire turar innover :-)

 

 

Ny prøve med fiskestonga, er byrja å verta mørkt, her Johnny storfiskar :-)

 

 

Ikkje fiskelykke så langt, så me snudde attende for å prøva fleire vatn.

På bildet under er livet vert å leva for underteikna, dette er kveld`s morroooo i skoddeheimen  :-))))

Diverre så vart det ikkje fisk første dagen / kvelden,

og det skulda me på skodda -- :-)

 

 

Ny dag og nye muligheiter.

Diverre så var ikkje utsiktene dei beste på morgonkvisten,

her er me komme inn til innerste dammen på Kvilesteinsvatnet.

 

 

Mykje fint i naturen, slik som denne vesle fossen --

 

----- og denne ensomme myrull blomen i vannkanten.

No er været byrja å verta bra :-)

 

 

Første fisken er komme på land, og kven som var den heldige ?

Underteikna har no fått smak på fiskelykka :-))))

 

 

Fiska oss rundt på sør / øst sida av Kvilesteinsvatnet.

Målet var denne fossen og her kom me ikkje lenger :-)

PS: Panoramabildet ( eigen link ) frå Kvilesteinsvatnet er tatt eit lite stykke før dette fossen,

og fosssen er heilt i høgre bildekant på panoramabildet.

På venstresida av panoramabildet ser me det meste av strandlinja som me har fiska før fossen.

Demningen der me parkerte bilen ser me også eit stykke frå venstre på panoramabildet.

 

 

Om det vart fisk her ??

Ja, ikkje så verst dette, var nokon fleire som prøvde seg på agnet,

men dei likte seg veldig godt i det våte elementet  :-)

 

 

På veg tilbake og no er været glimrande.

På bildet demningen der bilen står og i bakgrunnen midt i bildet Raudberg.

 

 

Me  hadde god tid, ein liten avstikkar opp til Valmyravatnet,

eit fint fiskevatn med fin sandstrand.

Vart ein fin fisk der også.

 

 

Så ein liten og kjekk naturopplevelse.

Lemen ( lommhund ), Lemmus lemmus, er ein kjekk krabat.

Denne hadde ein dårleg dag,

var skikkeleg sint på oss inntrengjarar som kom å uroa i middagskvilen :-)

 

 

Dagen er snart over og me er tilbake på hytta.

Litt nytrekt kaffi i ettermiddagssola som me nyt i lag med utsikta frå terrassen :-)

 

 

Avsluttar med Kvassdaen og stølen Hola i fin kveld`s sol.

Takk for ein fin tur, dette må gjerast oppatt :-)