Påsketur 2.dre Påskedag.

 

På ein dag som dette så er det ikkje så mykje å skriva anna enn:

Finare dagar skal me leita lenge etter :-)

Kort fortalt: Sol frå skyfri himmel , varmt og vindstille samt fint skiføre.

 

 

Turen i dag frå Vikafjellet der fylkesgrensa kryssar riksvegen

via Grungen / Dueskaret, Oppheimsdalen til Oppheim.

 

Byrjar ved riksvegen, Finnbunuten bak til venstre i bildet

 og skiltet på andre sida av vegen er skilt for fylkesgrensa ( berre dei som har gode auger ser det :-)  ).

 

 

På veg innover.

 

 

Fleire som våga seg ut i skispor i dag :-)))

 

 

Utsikt mot Grungen / Dueskaret omtrent midt i bildet..

 

 

Ikkje mange oppoverbakkar, dette var den verste og den gjekk veldig lett :-))

 

 

 

Matpause ved Store Grungen, ikkje noko å sei på valget av plass :-))

 

Stort panoramabilde , ca. 180  , av Store Grungen - Dueskaret

finn DE ved å klikka på * 28 mars Dueskaret 180`panorama

Der er stølen Store Grungen til venstre i bildet og stølen Dueskaret omtrent midt i bildet.

 

Me trakkar vidare -- :-))

 

 

Snart ved Fliseramstjørna.

 

 

Ikkje lenge før ny pause, her frå Fliseramstjørna og opp i Reppaskaret.

 

 

Frå Reppaskaret og utsikt mot Oppheimsdalen.

Omtrent midt i bildet Såta og stølen Reppane nede i dalbotnen litt til høgre i bildet.

 

 

På veg nedover, fint å skri på ski over alt.

Toppen oppe til venstre er Bjørndalskamben, vart ikkje besøk opp der i dag, lyt ha det tilgode :-)

 

 

Oppheimsdalen og stølane i Skitlii.

 

 

Etter ein fin tur så avsluttar me denne turen  med ettermiddagssol over Marsteinstølen.

Takk for turen, me greier nok fleire fjellturar :-))