Tre dagar med Sniglehuset i høgfjellet.

 

Dette var siste dagar ( 27 - 29 sept ) med reinsdyrjakt for underteikna dette året

og før De kjem heilt ned denne bildesida så er konklusjonen at været kunne verken underteikna eller Frøya

( som vart skikkeleg fotostjerne på denne turen ) klage på :-)

 

På første bildet er Sniglehuset mellombels parkert ved dammen på Langavatnet.

 

 

Me er på veg østover, her tilbakeblikk mot Gjèranuten ( på kartet står det Gerdanuten )

 

 

Utsikt mot vest og som De ser så var det komme litt nysnø på toppane vest på Osafjellet

 

 

Ikkje grytidleg oppe ein søndagsmorgon heime før turen til fjells

så da passa det fint med lunsj når utsikta var som dette :-)

 

 

Endeleg fekk Frøya bade litt at ---.

 

 

Er komme inn til pkt 1292 på kartet, her er det svært fin kikkertutsikt over Reipstjørnane ( på folkemunne Ripsetjørnane )

med litt av Hardangerjøkulen bak i bildet.

 

 

Fin utsikt mot nord  og nor-vest også her

 

 

Godt å kjøla seg ned at litt ---- :-)

 

 

Utsikt nedover Torsteinslaet med Austdølnuten omtrent midt i bildet

( navn eg ikkje finn på kartet, stor Takk til dei lokalkjente for god navne info :-) )

 

 

Da er konklusjonen at det vart sommar ved Olbogavatnet i år også,

er vorte isfritt dette vatnet no :-)

 

 

Kveld ved Langavatnet med siste solstråler på Hardangerjøkulen

 

 

Fint måneskin vart det også :-)

 

 

---

 

 

Ein ny fin dag å våkne opp i høgfjellet

 

 

Ved Rundavatnet

 

 

Er komme langt opp i det som på folkemunne vet kalla "helvetsbrekko" og som De ser så er det speilblanke tjørnar i området

 

 

Mykje natur på Langesteinshøgdi.

Har De svært gode auger så kunne De sett to karar og to hundar samt eit lamb ikkje langt frå midten på dette bildet --

-- eg såg dei godt i kikkerten når eg fant dei ---- :-)

 

 

Utsikt nordover mot bla. Søre Grøndalsvatnet frå det som eg meiner er pkt 1265 på kartet

 

 

Nærbilde mot Søre Grøndalsvatnet og som De ser så er det fortsatt noko isflak at her

i tillegg til litt ny-frosen is frå natta som var.

 

 

Utsikt mot Hårteigen.

 

 

Frøya nyt livet medan underteikna nyt kaffikoppen og kikkertutsikta.

 

 

På vegen tilbake til Sniglehuset.

Tidlegare turar her i høst har Frøya gått i band pga svært store elvar

og dersom ho da ville vassa over elva i staden for å bruka dei gode bruene

så kunne resultatet mest truleg vorte litt ymse.

Men no var det svært lite vatn i elvane og Frøya fekk springa som ho ville

og her sit ho på første brua og lurer på om eg ikkje kjem snart -----.

 

 

Er komme tilbake til Sniglehuset og nytelse av den fine kveldssola ca kl. 18.20 -- sola gjekk ned ca kl. 19.10 :-)

 

 

Her er det største problemet eg hadde på desse tre dagane --

--- myggen var svært hissig her ca 1070 m.o.h før sola gjekk ned.

Men eg forstår myggen godt etter ein helst kald sommar --- må jo ta at det tapte blod -----.

 

 

Klaga ikkje på utsikta denne fine kvelden :-)

 

 

Ny dag og einaste bevegelser på Rundavatnet denne morgonen var Frøya som laga bølger når ho vassa ut i vatnet.

 

 

Floskefonnvatnet

 

 

Fra Floskefonnvatnet gjekk turen retning nord.

 

 

Tilbakeblikk mot Floskefonnvatnet

 

 

5 ryper såg me her oppe i skardet --- er litt liv i fjellet.

 

 

Kunne mest truleg vore 6 ryper på bildet over,

denne slakteplassen viser at det er jægrer som ikkje bruker "kuler og krutt" i fjellheimen for å få litt mat i kroppen.

 

 

Tjørnane inne i Floskefonndalen er fortsatt islagde og det vert nok ikkje isfritt her dette året,

isfiske hadde gått fint her den 29 sept ---- :-)

 

 

Avsluttar med dette bildet der me gjekk inn på skarvknausen like bak Frøya ( par-tre hundre meter å gå ) 

før det vart ein kaffikopp og nytelse av utsikta med kikkerten ei go stund,

gjekk ikkje lenger da det vart svært kald vind og ikkje kjekt å vera ute i denne dalen.

Bak i bildet ser De fra venstre det underteikna trur er Sauerjuven, Nyrjuven og Hovden

Reinsdyrjakta 2015 er med dette over for underteikna.

Har hatt 13 fine dagar i fjellheimen der det har vore mykje fint vær

og konklusjonen er klar:

Er berre 11 mnd til neste års reinsdyrjakt og det vet nok sendt søknad til ein eller anna plass da også :-)

Til fjellheimen og Dykk eg har vore i kontakt med :

Takk for i år !