Ein strålande sommar dag :-)

 

Diverre så går 3 veker sommarferie alt for fort ( kunnne godt hatt 3 veker til -- :-)  ),

så denne siste feriedagen vart brukt på beste måte :-)

Tidleg oppe for å få med seg mest mulig ( stram timeplan -- :-(    ))).

Gråsidetoppen var dagens mål for underteikna ( inkl. fotoapparat m/ sjølvutløysar )

for å nyte utsikta over denne fine bygda vår.

 

Byrjar litt over Gjelle,

ikkje vanskeleg å finna vegen.

 

 

Første stopp ved Roset,

og som gradestokken viser så frys underteikna ikkje

( litt sol på Roset gradestokken som er limt inn på bildet,  klokka er ca. 11.45 ) .

 

 

Ikkje vanskeleg å ta kaffipause på Roset med denne utsikta:-)

 

 

Litt over Roset og utsikt over Olde, Væle, Gjelland og Herre på Bordalen.

 

 

Er komme over skogen og den T-merka stien er lett å fylgja, Bulken i bakgrunnen.

 

 

Eit par snøfenner å gå over.

( underteikna er for anledningen innsausa med mykje sol-faktor -- :-((  )

 

 

Ikkje mange å treffa i fjellet,

våre fir-beinte venner kosar seg i høgfjellet i dette fine været :-)

 

 

Sol i fjellet omtrent heile dagen.

 

 

Så nokre bilde parti, først ved Pila --

 

---- og "bak" Gråsidetoppen.

 

 

Ikkje vanskeleg å skjønna kvifor navnet Gråsida er komme på plassen her oppe.

Bildet under prøver å visa litt av all grå-steinen.

I bakgrunnen frå venstre Skjemmehorgi og Torfinnshorgi.

 

 

Snart på toppen.

 

 

Varden på Gråsidetoppen, 1307 m.o.h.

Vossevangen i bakgrunnen.

 

 

Så nokre nærbilder frå toppen, først av Vossevangen ---

 

 

--- så mot Bulken ----

 

 

------ Dyrvedalen ----

 

 

og siste nærbilder frå Lundarosen og området mot Skulestadmo.

 

 

Siste bilde og underteikna prøver seg som blomster fotograf.

( var ein og anna plante å sjå mellom gråsteinane på turen )

 Har fått navn på denne som i utgpkt var navnlaus:

Fjelltjæreblom,

veks helst i kalkrikt fjell. Er noko vanleg, men det veks ikkje så mykje av den.

I våre område veks den i det kalkrike fylitt- og skifer-beltet i Vossafjelli og Stølsheimen,

t.d. omkring Raudberget i Framfjord-fjelli og i Vålatraktene.

Den veks unntaksvis lenger vest, og er bl.a. sett i eit lite antal rett vest for høgda

ved stien frå Steinsland øvst i Modalen mot Vardadalsbu.

Takk til innsendaren for navn og info for denne blomen