Skitur over Gråsida.

 

Tidleg søndag morgon, ca. kl. 07.45

og sola

( bildet til høgre )

er komme opp.

Er litt trasig å sitta heime ein fridag når dagen ser så pass lovande ut -- :-))

 

 

 

Transport til Hodnaberg og første bilde frå løypa like over hyttene.

Litt av Hamlagrøvatnet midt i bildet.

 

 

Løypa oppover skogen frå Hodnaberg,

ikkje alle plassar at alt er ufarleg ----- :-(   ( sjå innringa skifelle )

 

 

Vegvisar før Torfinnsheimen.

 

 

Torfinnsheimen, høgaste toppen noko bak i bildet er Mykkeltveitveten.

 

 

Er komme langt innover Torfinnsvatnet til Grøno og hytta der omtrent midt i bildet.

 

 

Tunge bakkar opp frå Grøno mot Slåttebakkatjørni.

 

 

Utsikt mot Torfinnsvatnet frå samme plass som bildet over er tatt.

Omtrent midt i bildet bak Torfinnsvatnet kan De sjå bla. Vetle kaldenuten og Vonbråtet.

 

 

I bakkane opp frå Grøno fant me denne matplassen i skiløypa.

Ingen spor til eller frå tyder på at her er det eit "luftangrep" som har føregått.

 

 

På toppen av dei bratte bakkane og matpause for turgutane.

 

 

På veg mot Timeglaset som De ser oppå fjellknausen omtrent midt i bildet.

 

 

Siste bakken opp til Timeglaset som er omtrent midt i bildet no også.

 

 

Timeglaset og nokre bilder av dette kjente landemerket.

Diskusjonane gjekk høgt mellom "oss turgutane" om :

Korleis har denne steinen komme her ???

Me har fylgjande forslag:

Steinen har lege i ismassane som dekka landet under istida,

og tilfeldigvis så var steinen på denne fjellkanten når isen smelta langsomt bort -- :-))

Er det andre gode forslag på dette ??

 

-----

 

 

---- bortkasta energi ----- :-))

 

 

Turgutane ved Timeglaset.

 

 

Utsikt mot Kvålsdalen ( midt i bildet ) frå Timeglaset.

Litt av Torfinnsvatnet til venstre.

 

 

Utsikt mot Lønahorgi frå området mellom Timeglaset og Gråsidetoppen.

 

 

Varden på Gråsidetoppen med Vossevangen nede i bildet.

 

 

Fleire på Gråsidetoppen.

Panoramabilde frå Gråsidetoppen

finn De ved å klikka på * 3 April Gråsidetoppen 180`panorama

 

 

Me var ikkje bort til "Pila" på Sandfjellet, under eit bilde frå området ved "Pila".

Spora De ser er etter Reinsdyr.

 

 

Utsikt mot Bordalen frå Sandfjellet, Horndalsnuten omtrent i midten bak i bildet.

 

 

Utsikt mot området ved Lundarosen samt Borstrondi med Lønavatnet bak til høgre..

 

 

Litt oppblåst nærbilde mot Tvildemoen og ny diskusjon mellom gutane på tur.

Spørsmål: Kva er "streken" De ser frå høgre mot venstre omtrent midt i bildet ??

Me er rimeleg sikre på at me har svaret, men her er det fleire som kan få prøva seg.

For å få rett svar ved tvil kan De senda e-post ved å klikka her :-)

 

 

Me er komme nedover i lia over Hindartveit og nyt utsikta mot Vossevangen.

Kan opplysa at skiføret nede i skogen ikkje var det beste ----,

helst blaut snø med mange utfordringar -- :-)

 

 

Så er ein strålande skitur med litt kald vind enkelte plassar i fjellet over,

er komme til Gjelle og skiføret vart helst dårleg -- :-))

Takk for turen !!