Fisketur i høgfjellet.

 

Årets store fisketur er vel gjennomført med glans.

Værmeldinger var av ymse karakter men når me hadde fri

så måtte me ( underteikna og storviltjaktkameraten ) berre komma oss  ut :-)

 

Første bilde og me er snart klar for tur innover vatnet,

bruker vannvegen i staden for spaservegen denne gangen.

Me skal no fylgja vatnet innover på venstre side, innunder Fyresnipa som er høgaste toppen bakerst i bildet.

 

 

Gjekk ikke lange stunda før kameraten fekk første fisken --,

ein god start og middagen me hadde med heime frå byrja i tankane våre å verta feil å dra med seg til fjells  :-)

 

 

Er komme langt innover og fin utsikt opp på Blåfjellet, 1548 moh.

 

 

Utsikt mot Fyresnipa, 1415 moh.

Innunder her skal me slå leir denne kvelden.

 

 

Så endeleg fekk underteikna sin første fisk ( kameraten hadde minst to no og "mobbinga" var komme laaangt )

og underteikna hadde sikkert den største så langt --- :-)

 

 

Tilbakeblikk, Blåfjellet nærmast til høgre og litt av Vollafjellet lengst bak.

 

 

Her ved vannkanten i venstre del av bildet skal me bu i telt --- ser fint ut dette :-)

 

 

Dagens fangst for oss begge så langt --- middagen var sikra og vel så det.

Kven som hadde mest / minst av oss så langt vert ikkje skrive noko om ---

-- gode kamerater brukar humoren internt om slike store saker ---- :-)

Ser de godt etter på fisk nr 2 frå høgre så ser de kva 2 sluker som fiska best i dag,

den øverste vart den store vinnaren på desse to dagane

 

 

Våre 4-beinte venner var her inne ---

dei måtte helsa på desse to som ville bu saman med dei ei natt --- er høfleg det -- :-)

 

 

Teletet er komme opp, fin teltplass dette :-)

 

 

Teltplassen frå ein anna vinkel.

 

 

Fisken er slødd --- fin fisk :-)

 

 

To glade fiskekamerater kan nyta kaffikoppen før kveldsfisket byrjar :-)     foto: sjølvutløysar

 

 

Dvs, bålet som også skulle brukast som steikeovn for fisken vår,

måtte fyrast opp før me kunne fiska meir.

Bålet vart fint og været var heilt vindstille :-)

 

 

Kveldsfisket skal byrja --- tru kva fisken vil ha denne kvelden ?

Kameraten har rimeleg bra utvalg --- underteikna har rikeleg også -- me kven som har det beste ??

Lyt ta med her at diskusjonen om kva sluk fisken ville ha var den diskusjonen me hadde mest morro med

etter fleire turar på sportsbutikken for å kjøpa det som alle andre meiner er best ---- :-)

 

 

Teltleieren under prøve på fisketur litt omkring ---

men no kom regnet , ei kraftig regnbyge som gjorde at no vart det litt hektisk for å få det litt betre på kvelden.

 

 

Meir telt er komme opp ---

var ein svært god ide kameraten hadde da han meinte at partytelt kunne vera kjekt å ha med i tilfelle regn :-)

 

 

Middagen som skal på bålet vert klargjort,

fersk fjellørret innbakt med ei mjølblanding som underteikna ikkje har fått oppskrifta på :-)

Kameraten er kokk :-)

 

 

Nam -- nam -- dette smakte svært godt :-)

 

 

Kveldsfisket er over-- fin fangst for oss her også :-)

Ein kommentar til guten frå Strondæ som meinte underteikna før turen byrja måtte kjøpa sluk av spesiell sort

og så å "modernisera" den for verkeleg å få storfisken --- det var inga go løysing ---.

Den gode gamle kveldssluken fekk flest fisk og den største fisken denne kvelden også --- :-)

 

 

Kveldskos ved bålet.

 

 

Ein fin morgon, kaffikjelen er ferdig og kokken er i arbeid med bacon og egg ---

er god diett for å få ein fin dag det :-)

 

 

Er komme eit stykke ut på vatnet og bilde retning der bilden står.

 

 

Avsluttar med bilde av fangsten denne dagen.

Jau, me klagar ikkje no heller :-)

Takk til kameraten for ein svært kjekk tur -- !