Reinsdyrjakt Osafjellet.

 

To nye dagar med reinsdyrjakt 2 - 3 september 2014.

Tirsdag 2 sept, været var ikkje på underteikna si side når Sniglehuset var parkert ved Rundavatnet på Osafjellet.

Skodde er noko eg ikkje likar, har respekt for dette naturfenomenet i fjellet

så det vart kvile i Sniglehuset i håp om at skodda skulle letta.

 

 

Timane gjekk og konklusjonen var klar --- noko jakt vart det ikkje denne dagen.

Så da var det å nyte skoddedagen etter beste evner.

Pakke hadde eg også fått

og med litt nytelse av livet var det ikkje så verst å sitta værfast alikevel --- :-)

 

 

Ut på ettermidagen/tidleg kveld letta skodda og da passa det fint å ta fiskestanga med seg ut,

ser fint ut her --- :-)

 

 

Jau, klarte å lura to fiskar på land og da var dagen redda --- :-)

 

 

Ny morgon ( ca kl 06.50 ) og været var fint.

 

 

Fin natur.

 

 

Ikkje alle plassar det er flatt å gå,

dersom eg ikkje har høyrt feil er kallenavnet på denne bakken "helvetsbrekkò".

Frøya og eg er nesten oppe når bildet under vart tatt

 og skal vera den første å skrive under på at kroppen ikkje var kald no ----.

 

 

Tilbakeblikk.

 

 

Er komme inn til første gode kikkertplass med bla utsikt mot Søre Grøndalsvatnet

 

 

Litt stein er det på vegen vår denne dagen også.

 

 

Hytta ved Søre Grøndalsvatnet

 

 

Ikkje berre stein å gå på denne dagen.

 

 

Lunsjplassen vår

 

 

Frøya har fått litt kjeks og er godt fornøygd med turen så langt :-)

 

 

Skal ikkje skryta av at eg har sett mykje ryper

men ein å anna plassen har eg sett dei denne hausten.

Ikkje lett å sjå, men er i alle fall 7 ryper på bilder under.

 

 

Utsikt over nord-enden av Kvilinganutvatnet

 

 

Dette var det nærmaste eg var Dyrahola,

fint å sitta med kikkerten her.

 

 

Klokka gjekk og tilbaketuren mot Sniglehuset byrja her ved Kvilinganutvatnet.

Det eg ikkje likte no var at skodda kom sigande men håpa på det beste.

 

 

Kvilinganutvatnet Beach med naust var ein fin plass :-)

 

 

Utsikt mot Vetle Rundavatnet

 

 

Dette var det nærmaste me hadde vore reinsdyr så langt i jakta på Osafjellet,

på samme plass som bildet over er tatt.

Frøya sit no og luktar eit eller anna langt borte --- i ettertid så skjønna eg kva det var :-)

 

 

To bilder til av Frøya som er ein svært kjekk turkamerat.

Av og til får ho lov å arbeida rikeleg for om mulig få fram lomhunden ( lemen ) ----

 

 

--- og her er byttet fanga.

Dilemma for Frøya no ( som ho ikkje likar ) er at ho veit at byttet får ho ikkje behalda lenge ---

-- eigaren er streng med kva ho får eta ---- :-(

 

 

Så skulle det verta nærbilde av Vetle Rundavatnet og da fekk me dette synet ----- :-)

Dyra gjekk svært roleg her og eg skjønna som skrive lenger oppe kva Frøya hadde lukta av.

Me hadde god tid så det vart ein omveg tilbake for å få vinden i mot oss og så prøva å komma inn på flokken

som var på ca 60 - 70 dyr.

 

 

Dette gjekk svært bra, kom inn på godt nært hald :-)

Klokka er no ca 15.45 og no er det berre resten at før simla kan transporterast mot bilen.

 

 

Slaktinga er over ----

 

 

--- slakteplassen er fint rydda ----

 

 

--- og sekken er pakka.

Skal vera ærleg å skriva at sekken slik den er no varte kun ca 100 meter,

delte innhaldet opp i to bører og med det vart det noko fram og tilbake før alt var komme fram.

Men betre det enn å øydeleggja kroppen heilt ---.

 

 

Fekk utsikt til brua eg hadde høyrt om mellom Vetle Rundavatnet og Rundavatnet.

Om eg valgte rett veg her skal vera usagt,

men eg kom med tid å stunder fram til mine GPS spor uten bruk av ekstra lys og da fekk det heller vera slik at eg brukte lang tid.

 

 

Avsluttar med eit bilde av korleis vegen min var på to plassar.

Det meste går svært fint berre me tar tida til hjelp,

Kom til Sniglehuset lenge etter at mørket var komme.

Vart ein lang dag, men kroppen til Frøya og meg var ikkje øydelagt

og me ser fram til neste års reinsdyrjakt --- i håp om at me får løyve.

Til jægrar som eg har vore i kontakt med i heilt ukjent område:

Takk for mykje god info/hjelp om korleis det er å komma fram her oppe

og info om reinsdyra !