Ein strålande 2.dre Pinsedag

og fri :-)

 

På biltur i dag med Kåno samt herr og fru nabo.

Utgangspunktet for turen var den nye utsikt plassen over Aurland,

da me var komme så langt gjekk turen over Lærdalsfjellet til Lærdal før det vart retur via tunnelen.

 

Først side er mykje bilder frå Stalheim,

byrjar med utsikt over Oppheimsvatnet frå Haugsvik.

 

 

På veg opp til Stalheim hotell.

 

 

 Litt av gardsbruka på Stalheim, Sivle til høgre.

 

 

Gammalt og nytt ved Stalheim hotell.

 

 

Ca år 1880 - 1890 var Axel Lindahl fotograf på Stalheim

 

 

 

Prøve på å ta bilde på samme plass i dag som for noko over 100 år sidan.

Mykje har endra seg, skogen har vokse mykje, hotellet er endra men fjella i Nærøydalen er dei samme

 

 

Utsikt over Nærøydalen frå hotellet.

 

 

Fleire som brukar fotoapparat i det fine været,

tru om dei har heimeside på andre sida av jordkloden ??

vart ikkje spurt om det da det er litt vanskar med dialekta -- :-)))

 

 

Sivlesteinen.

Først gammalt bilde av fotograf Anders Bear Wilse frå 1911.

 

 

I dag var det naboen som studerte steinen, ikkje så store endringar på litt under 100 år frå denne kanten

 

 

Sivlesteinen frå andre sida, fotograf Anders Bear Wilse  1911.

 

 

Frå denne sida så viser det betre at skogen på Stalheim har vokse mykje

 

 

På veg ned Stalheimskleiva, helst bratt nedover.

Har ikkje problem å komma seg opp desse to på bildet under :-)

 

 

Sognabussen på veg opp Stalheimskleiva, går bra dette også :-)

Ein historie frå ein bussjåfør som køyrde fast her for mange år sidan

seier omtrent som slik:

"Passasjerane fekk beskjed om å sittja heilt framme i bussen ned kleiva på vinteren,

vart køyrt med døra open.

Dette for at det skulle vera lettare å hoppa ut dersom bussen mista taket ---- "

Skulle vore i dag passasjerane fekk denne beskjeden, ville nok vorte store overskrifter av det -- :-)

 

 

Naboen var flink fotograf medan underteikna var sjåfør, her nede frå Gudvangen.