Vår årlege jakttur på Oppheimsdalen

er gjennomført med glans.

 

Regn og skodde var med å øydelagte litt

men friske unge gutar vert ikkje sitjande inne av den grunn.

Fotoapparatet vart ikkje så mykje brukt pga. været

 

Dag 1 og bilturen gjekk til Steinset for så å gå vidare derifrå opp på Høgafjellet og Valafjellet.

 

 

Ei stund i skoddeheimen og første rypa var i sekken.

 

 

På veg ned att til stølen og bilde frå Oppheimsdalen litt utafor Skitlii.

 

 

Vossahaugen på Oppheimsdalen.

 

 

Kveld på stølen og litt arbeid med ein hare som var med heim.

 

 

Underteikna har fast jobb med å få blomsterpynt til huset,

det gjekk bra i år også --:)

 

 

Dag 2 og det var komme litt snø i løpet av natta på fjelltoppane.

Skodde også, utsikt ei lita stund mot Oppheimsvatnet frå Såta.

 

 

Kaffipause i ly for været. foto sjølvutløysar.

 

 

Russarhola. Er vorte fortalt at her har ein Russar hatt tilholds plass ei stund.

Ikkje store opningen til hola.

 

 

Utsikt frå Såta mot Høgafjellet / Valafjellet.

Streken omtrent midt i bildet er bilvegen på Oppheimsdalen.

 

 

Dag 3 og me brukte bil over dalen og opp til Turtene og så vidare opp på Valafjellet.

Marsteinstølen bak i bildet.

 

 

Til slutt fangsten til gutane denne helga.

Kunne sikkert vore meir, men me er godt nøgde når alle vær og føre forhold er tatt i betraktning.