Isfiske i høgfjellet.

 

Isfisketur til Sliåvatnet eit par timar skigange vest for Finse, 1264 moh., er vorte ein tradisjon.

Var spente i år om det ville klaffa med fridagar og fint vær,

me var rimeleg heldige.

Ca. 10 kuldegrader på det kaldaste og helst sur vind,

men det er ikkje problem berre jakta på storfisken er prenta godt inn mellom øyrene -- :-)))

Men me lyt nok væra ærlege og sei at eit anna år

vil me vera litt seinare på året for om mulig få det litt varmare :-))

 

Byrjar fotoserien ( er mange bilder nedover her ) ved Sandå,

no er sola komme fram og alt er berre "lækkert" -- :-)

På bildet Sandå vokterbolig omtrent midt i bildet.

 

 

Isfiskar på tur i høgfjellet, her på tur ned på Sandåvatnet.

 

 

Det første som vart gjort var å settja opp telt.

Etterpå var det tid for boring, noko som ikkje var det aller lettaste.

Isboren er 2.11 meter lang ------

 

 

------- noko som var for lite.

Her er boren ca 10 - 20 cm under første islag og endeleg er me gjennom. Dette var kaldt -- :-(

Var ca. 0.5 m med snø oppå isen.

 

 

Teltplassen vår.

 

 

To glade isfiskarar bak fjellduken.

 

 

Fjellduken vart litt liten så ein del spade arbeid måtte til

for å få det mest mulig bekvemt med tanke på vind.

 

 

-----

 

 

-----

 

 

Eit sol bilde.

 

 

Glad gut med nytrekt kaffi i koppen og litt kos ved sida av  :-)))

 

 

Om me fekk fisk ???   ja mykje :-)

Som bildet viser så var det helst sparsomt med dei store fiskane :-))

 

 

Sjølv om det var helst vindstille hjå oss så vert det kaldt å sitta roleg lenge.

Trim turar rundt teltet vart det mange av for å holda varmen.

På bildet under demonstrasjon på trim :-)))

( farten på fotobjektet viser ikkje her, men det gjekk helst fort i svingane -- )

 

 

Mat må til og underteikna er heldig og har flink kokk med på tur :-)

 

 

Mykje ingredienser må til for å få eit godt måltid mat -- :-)))

 

 

Så er sola på veg ned og byrjar med kveldssol på Slirå voktarbolig.

 

 

Så nokre bilder av store Finsenuten, Ser Sandå vokterbolig til venstre i bildet.

Legg merke til snøfokk rundt Finsenuten , var noko vind i fjellet, men etter dette bildet så roa vinden seg.

 

 

Siste rest av solstrålane.

 

 

Store Finsenuten i kveldsol.

 

 

Kveldsstemning mot store Finsenuten.

 

 

Kveldshimmel i vest.

 

 

To glade "apekattar" i fjellet :-))

 

 

Stemning med fakkelboks ved teltplassen.

 

 

Nattehimmelen var utruleg fin, dette er noko som må opplevast, er vanskeleg å beskriva.

Vanskeleg å få alle stjernene med på bildet, kort fortalt så var himmelen imponerande.

Litt nordlys også som det vart prøvd å ta bilde av.

 

 

Så siste bilde.

Vart litt nedtur og ikkje noko særleg bilder frå dag 2

pga skya og helst surt vær ( litt sol tidleg på morgonen ).

 

På siste bildet skulle helst fangsten vår vore med,

diverre så vart det ikkje tatt bilde av den før det var for seint --??

Ca 35 - 40 fiskar var borte for oss og kven som har skulda for det ??

"guten" på bildet :-)))

Kan opplysa at det var fleire av samme sorten rundt oss om natta.

Var ikkje lett å ta bilde, men linsa vart forsiktig ført utom teltet,

og med eit forsøk så vart det blink ut i den mørke natta :-)))

Fjellreven har no hatt eit herremåltid og har nok lagra det som den ikkje åt opp med ein gong.

Signe maten -- :-))))

 Takk for oss --- me kjem sikkert att :-))