Buføring på Bordalen.

 

Heilt sidan underteikna var liten så har buføringa av kyrene på Bordalen

vore noko som alltid er like kjekt.

Gode gamle tradisjoner er godt å ta vare på,

og i år så var underteikna heldig at dette passa inn i fritida

( er ikkje sikker men vil tru at denne turen har underteikna vore med på ca. 35 - 40 ganger).

 

Er mange bilder nedover på sida av denne hyggelege stunda

og kyrene ute i naturen er i fokus denne gangen.

 

No dei siste åra så har det vore motorisert transport til Veskre med kyrene.

Første bilde og Bjøllekyra er på veg ut av bilen.

Tru kva denne tenkjer: "--- Dette vert ein fin ferie -- "

 

 

Stølen Veskre.

 

 

Eit bilde til av Veskre.

 

 

Ikkje berre kyr på Veskre,

mor og sønn stiller fint opp for fotografen :-)

( tru om  "alene mor" gjerne vore ein like kjekk tekst til bildet --- ?? --- )

 

 

Dette er spennande :-)

Maria 6 år er med på buføringa for andre gang.

 

 

Maria har full kontroll :-)

 

 

Ikkje alle plassar at vegen er like fin,

her ved Svinekleiva litt utom Veskre.

 

 

Snart på Heims`ta Hansleleitet.

 

 

Er komme ut til Hanselavatnet.

 

 

På veg ned til Hanselavatnet.

Maria har nok eit eller anna spørsmål her,

kven som kjem med det beste svaret skal vera usagt :-)

 

 

Bjøllekyra har det travelt for å komma fram :-)

 

 

Fleire med bjølle, denne ser også fram til ein fin ferie

og prøver etter beste evne å smila til fotografen :-)

 

 

Ved "Brødpitlagroè".

Sagnet fortel at "Jygra" ( også kalla Huldra mange plassar ) stod på toppen av Veskrehorga, 1134 moh.,

og slepte ned ein brødleiv i denne groè ( elva ).

"Jygra" steig så ned til groè ( ca. 850.moh. ) og plukka opp att brødsmulane sine :-)

 

 

Kyrene har litt vannpause , tru om tankane er som føleger:

" -----  er det brødsmular i vatnet her i Brødpitlagroè --- " ????

 

 

Brødpitlaleitet og no er me ferdige med stigningen.

Omtrent midt i bildet ser me Skåndalshorgi, 1029 moh.,

til høgre langt bak i bildet : fjellheimen på andre sida av Hardangerfjorden

( Kinsarvik ligg nede ved fjorden heilt til høgre i bildet ).

 

 

På toppen. ( i bakgrunn ser me litt av Eggjane og Gråsida ).

 

 

Oksasteinane.

Sagnet fortel:

Ei budeie hadde ein sint Okse etter seg og hoppa opp på den eine steinen.

Men Oksen følgte etter og budeia hoppa over på den andre steinen.

Sagnet fortel ikkje noko om kven som kom sigrande ut av dette basketaket  :-)

 

 

Ved Oksasteinane ca. kl. 20.50 og me snur heimover.

Kyrene er no komme fram til sitt ferieparadis.

Underteikna ynskjer god sommar til fjell-feet og velkommen heim att om eit par månader :-).

( husbonden fylgde med dyra litt nærmare stølen Helgaset ).

 

 

Kveld ved Hanselavatnet ca. kl 21.15.

 

 

Siste bilde og snart ved bilen på Veskre.

Underteikna nyt litt av naturen`s forfriskningar

( skal ikkje fortelja kva forfriskningar som venta heime :-)) )       foto: John Olav