Buføring på Bordalen.

 

Ein god tradisjon er det å verta oppringt frå søskenbarn om det passar å vera med å buføra i år også.

Dette har underteinka vore med på sidan barnskoa var små.

Tidlegare var det bestefar og onkel som spurde og så har søskenbarn helde tradisjonen ved lag.

Forskjellen frå før er at me går ikkje heile vegen med dyra no,

transport hjelper mykje -- :-)

 

Første bilde er frå Olde der kyrene har bustaden sin.

 

 

Bilen med første lass er komme til Veskre.

 

 

Nokre bilder frå Veskre nedover, kan ikkje klaga på været i dag :-)

 

---------

 

 

Veskre med Eggjane og Skjemmuna i bakgrunnen

 

 

Veskre med Sandfjellet ( over Roksbotn ) i bakgrunnen.

 

 

Mot stølen Kullset med Eggjane til høgre.

 

 

Så til kyrene som er på veg til fjells.

Ut av bilen går bra, diverre så går det ei lita stund før dei finn ut at døra er litt smal for to --- :-))

 

 

Budeie/ budeiebaltane har fått kyrene framfor seg og ser fram til ein fin tur utover fjellet.

 

 

Dette går fint --- :-)

 

 

Ikkje alle plassar at vegen er like fin, slik som her i Svinakleivè.

Det går bra for dei på fire føtter også sjølv om "skosolane" er helst harde :-)

 

 

Så er det fin veg resten av turen.

 

 

Matpause for flinke budeiebaltar  :-)

 

 

Flink gut frå nabolaget var med på buføringa for første gang.

 

 

Er komme til Hanselavatnet, ein fin plass langs vegen.

 

 

På veg ned Hanseladalen.

 

 

Liten fotopause i fint terreng -- :-)

 

 

Så er me komme ut mot Oksasteinane før bakkane ned til Helgaset.

 

 

Bjøllekyra ser utover beitet ho skal vera på resten av sommaren.

Ser fint ut dette --- :-))

 

 

Underteikna og den nye medhjelparen snur heim att her ved Oksasteinane.

Navnet på steinane er i følge soga omtrent som slik:

( hugsar diverre ikkje att heile denne soga )

"Ei budeie vart jaga av ein olm okse og ho hoppa opp på den eine av steinane.

Oksen hoppa etter så då vart det hoppa over til den andre steinen -- "

I bakgrunnen Veskrehorgi.

 

 

Siste bilde av "Svartros".

Kva denne "dama" tenkjer no skal vera usagt,

men ser ut til at ho er glad for å vera kommen til fjells --- :-)