Dublin.

 

Underteikna var svært heldig med bursdagpresangen frå Kåno dette året

( tidlegare bilder fortel meir om dette ),

helgetur til Dublin :-)

Som ei lita opplysning så var dette ein overraskelsetur,

visste ikkje kvar reisemålet var før innsjekk på flyet i Amsterdam

( var fly frå Bergen via Amsterdam til Dublin )

 

Vart mykje bilder og noko av dei kjem nedover her.

 

Dublin er eit stykke unna,

var heldigvis ikkje denne flygemaskin på første bildet som transportmiddel --- :-)

 

 

Kåno og jenta bak skranken i Amsterdam,

dei har det svært så kjekt her med tanke på guten som fortsatt ikkje veit kvar han skal --- :-)

 

 

Er komme til Dublin og hotellet me budde på.

 

 

I staden for bilde av hotellrommet vart det bilde av gangen utafor døra vår.

Fin, smal og lang gang ......

 

 

Puben på hotellet.

 

 

Irsk folkemusikk på puben fredag kveld

 

 

Lørdag og busstur rundt i byn.

 

 

Dei gule "Dublin Tour" bussane hadde guide med,

på dei røde "Dublin Tour" var det guiding på fleire språk via ørepropper.

 

 

Millenium Spire i Dublin er 120 meter høgt

 

 

Mange bruer over elva som deler Dublin med ca 1.4 mill innbyggjarar

der 1/3 bur på nordsida og 2/3 på sør-sida.

 

 

Bildet under er av banken i Dubilin.

Kvifor det ikkje er glasruter i denne bygningen ?

Jau, når det Irske folk ( i følge guiden ) set pengar inn i banken så ser ikkje pengane dagslys meir --- :-))

 

 

Gatelampane i Dublin var fint kunstverk.

 

 

Mange fine dører i Dublin og døra på bildet har ein fin historie.

I 1903 var Kong Edvard VII på denne plassen, men han nekta å gå inn gjennom ei dør som var enkel,

så denne døra måtte da byggjast om til dobbel dør ---.

 

 

Misunner ikkje plenklypparen på bildet under --

er lettare med horisontal plen med mose ---- :-))))

 

 

Mange kyrkjer og anna med fin arkitektur,

underteikna falt for moivet under ----.

Som De ser, liten skogsdød i Irland --- krattskogen veks i trange kår over alt ----- :-)

 

 

Det store målet på denne turen var besøk på Guinness,

det var svært interessant :-)

Kvifor ?

jau mange av oss her i bygda likar å ta vare på noko av kulturen --

og i huset på bildet under fekk me sjå korleis dei gjør det på andre sida av sjøen.

 

 

Dette skjønnar me :-)

 

 

Veit ikkje om bygdefolket som les dette kjenner seg att her ---

--- er omtrent slik det er i eld-husa her i bygda også --- .

 

 

Bildet under viser korleis dei tar vare på gjæren i dette huset.

Litt forskjell med tanke å korleis bygdefolket her gjorde det i tidlegar tider --

--- da vart gjæren ( som me kallar kveik ) tørka og lagra i eldhuset til neste gang det vart bryggja.

 

 

Å vera tønnesnikkar på Guinness var eit skikkeleg fagarbeid ( såg film om det ).

Kan trygt sei at dette var fagarbeidarar.

Ei lita opplysning: Tønnene var nummererte.

 

 

Prøvesmaking undervegs i prosessen høyrer med.

 

 

Hoppar til toppen av bygningen der me fekk smaka resultatet av kulturprosessen  :-)

 

 

Ikkje verst dette ---:-)

 

 

To bilder med fin utsikt over byen frå toppen av Guinness.

 

 

-----

 

 

Det nærmaste underteikna kom tog denne helga var bildet under ---.

 

 

Meir historie.

Ikkje så mykje anna å skriva til dei neste to bilder

enn att her var det mykje "skjæl" i tak og vegger  --- :-)

 

 

--------

 

 

Etter besøk i den eldste pub så vart det besøk på den minste pub`en.

 

 

Var ikkje så mykje plass her nede,

men underteikna fekk plass bak disken ---- :-))          foto: guten som har sitt arbeid bak tappekranane.

 

 

For å visa at det var lite om plassen i denne kjellaren så kjem bildet under.

Heilt rett tenkt -- ,

puta i taket vart plassert slik pga takhøgde for å unngå skallebank

for dei som hadde brukt skåla på golvet .----- :-)

 

 

Frå ei av gatene i Dublin

 

 

Molly Malone statua ved nord-enden av Grafton Street

( vil tru det er mange som har høyrt sangen om Molly Malone )

 

 

Kveld i Dublin

 

 

Ny dag og me vart påminna om kva retning me skulle sjå før me gjekk over gata --- :-)

( var merka når me skulle sjå til venstre også --- )

 

 

Ikkje så mykje å skriva om bildet under

anna enn at her inne var det mykje for dei som likar det --- :-)))

 

 

Mykje folk i ei av handlegatene ein søndag føremiddag .

 

 

Inne i ein av butikkane --- nesten som i kassa på vårt lokale samvyrkelag dete ---- :-))

 

 

Avsluttar med to miljø-taxi sjåfører som er i god form :-)

Takk til Kåno for ein fantastisk bursdagpresang ---

---- Jau, underteikna klagar ikkje på denne presangen  --- :-)