Finnskogen 17 - 19 juli 2015.

 

Underteikna er ikkje vant med bål-kos slik som me ser mykje bilder av frå skogane i øst

og når det skulle vera skogsfolksamling på Finnskogen for ei gruppe med navn "Skogens menn og kvinner"

så vart det til at me meldte oss på.

Kort fortalt var dette ei svært kjekk helg der me vart kjent med mange

og me håper at me får anledning å vera med seinare også ---

og at Bjørn "sjef" og hans nærmaste som laga til denne samling har gjort eit kjempe arbeid :-)

 

 

Mykje bilder vart det og ca 60 av dei kjem nedover her for å visa litt kva me har opplevd.

 

 

Kjørte fra heimen torsdag ettermiddag og overnatta på Leira i Valdres

og kven me hadde som naboer ?? Kjekke vossingar  :-)

 

 

Ein fin morgon på Leira før me reiste vidare retning Finnskogen.

 

 

No er me komme "inn i dei store skoger" på østlandet.

Finn me fram her  når GPS i bilen kun fortel at me kjører på grusveg??

 

 

Jau, vegen var merka og me kom fram til Halsjøen.

På bildet under er Sniglehuset parkert og me har alt fått to nye venner :-)

 

 

Frøya fekk ein god venn også :-)

 

 

To utsiktbilder frå leirplassen.

 

 

----

 

 

Utsikt til eit gammalt gårdsbruk i Sverige, som De skjønner så var me ikkje så langt frå grensa

 

 

Kvelden nærmer seg og me skal ut på holmen til kveldsunderhaldning

 

 

Tilbakeblikk mot leirplassen

 

 

Litt høg vannstand her no så me måtte vassa litt

 

 

Stemning ved bålet

 

 

Kaffilars er også på plass :-)

På innlimt bilde ein liten patent eg aldr har sett før ---- vart filterkaffi av dette :-)

 

 

Måtte verta bilde av "sjefen" også,

er i alle fall Bjørn som har starta opp denne gruppa.

 

 

Musikk ved bålet av Erik Lukashaugen,

kort fortalt fin visesang som De kan finne ut meir om ved å klikka på denne linken  http://www.eriklukashaugen.no/

 

 

----

 

 

Kveld ved Halsjøen

 

 

Sein kveld ved Halsjøen

 

 

To kveldsbilder --- kan ikkje ha det så mykje betre enn dette.

 

 

---

 

 

Lørdag føremiddag og det var klart for Anton`s Timbershow.

Kort fortalt imponerande kva dei får til med motorsag og øks

og meir om Anton finn De på denne linken http://www.anton.no/

 

 

----

 

 

Det vart trylla fram stolar og mykje anna med motorsag av trestokkane :-)

 

 

Så litt om motorsager, slik som denne som ordna det meste av seg sjølv ( uten noko oppbinding ) slik at skogsmannen kunne få litt pauser :-)

 

 

Motorsager finst i fleire størrelser ----

 

 

--- og for å få dei til å starte så vart det nytta ei spesialblanding i staden for choke ---- :-)

Kva denne blandinga inneheldt ?? I showet vart det nemt på metanol, aspen og viagra ------.

 

 

Dette var den største og mest effektive av sagene som vart vist fram.

 

 

Demonstrasjon av gammal kanadisk tømmerhoggerstil

 

 

Gruppebilde etter timbershowet

 

 

Lørdag ettermiddag og me er klar for aktiviteter,

bølger på sjøen denne dagen men ikkje vanskeleg å komma ut på holmen av den grunn.

 

 

Øksekast står på progrmmet og Bjørn "sjef" demonstrerer korleis me skal gjera dette :-)

 

 

Underteikna har aldri prøvd øksekast mot blink før ( berre mista ned øksene )

men på siste kastet ( 1 prøvekast og 3 konkurransekast )  sat øksa rimeleg fint i blinken :-)

 

 

Ein varint for å få øksa mot blinken --- skal ikkje skriva meir om treff% --- :-)

 

 

Jentene var treffsikre ---

 

 

--- men det var 3 gutar som hadde lik poengsum etter ordinær omgang

og det måtte 2 omkastomganger til før vinnaren vart kåra ----

 

 

----

 

 

--- og vinnaren vart denne guten ----

 

 

--- som var svært så treffsikker :-)

 

 

Etter øksekast var det fiskekonkurrnse og det var den eg "verkeleg kunne gjera det store i " ----- :-)

Ei overoppfyllt fiskeveske der eg skulle prøva å finna noko som denne skogsfisken likte ----.

 

 

Fin utsikt frå "fiskeplssen min" , som De ser på sjøen var det helst vindfullt.

 

 

Tilmålt fisketid er over, har kun "tid å veg" for å få levert fangsten til rett tid.

Jau --- De skal få lov å lè no,

men det var jo ein fin fangst dette --- er anntallet som er teljande ----- :-)

Kort fortalt så heldt det til ein FIIN 2.ndre plass i konkurransen --- vinnaren hadde dobbelt så mange av samme størrelse ------.

 

 

Lørdag kveld og fin underhldning av Steel Langholen som De finn meir om på denne linken

https://www.youtube.com/user/colormusic03

 

 

----

 

 

Måtte ta med dette bildet også ( har spørt om lov ) --- ei blid skogsjente dette ---- :-)

 

 

Premieutdelinga har vore ute i regnværet som kom

og guten på bildet her vant det som kunne vinnast --- både øksekast og fiskekonkurrnse :-)

 

 

Stev og andre gode strofer frå denne guten :-)

 

 

Har vore loddsalg og trekninga er i gang.

Vinstane var fine men underteikna hadde nok lagt vinnarlukka at heime denne helga ---- :-)

 

 

Det vart regn saman med vinden så da trekte både spelemann og publikum under tak og innomhus --

 

 

---- til det vart kveld "ut i dei små timer" --- :-)

 

 

Søndag føremiddag og me er snart klar for avreise frå denne fine plassen.

 

 

Nokre bilder til frå helgturen vår,

me var nbefalt å ta turen oppom Gravberget når me var på desse trakter.

Ei fin lita bygd i skogen med ei fin kyrkje som vart bygd som gave frå Borregaar

som ( slik eg oppfatta ) eigde mykje av skogen her tidlegare.

 

 

Litt av bygda Gravberget

 

 

Me fekk god forklaring på korleis me skulle finna vegen ut av skogen,

var heldig å finna vegskilt også :-)

 

 

Sidan me var så nærme nabolandet vart det overnatting der ---

 

 

--- for me måtte jo nytta anledningen til å vera på "harryhandel" slik som mange andre er ----- :-)

 

 

Siste overnatting på denne turen var på Stavn camping i Hallingdalen ---

 

 

--- og det var ein fin kveld.

 

 

Valgte vegen over Hardangervidda heim at da me kom fram til at det var lenge sidan sist me hadde kjørt den vegen

og det vart middagspuse på Dyranut der me fekk svært god mat -- kan anbefalast :-)

 

 

Avsluttar med fjelltrollet på Dyranut som passer på oss vegfarande her oppe.

Takk til Dykk på Skogsfolksamlinga for ei SVÆRT KJEKK helg

og Sniglehuset ( bubilen ) er no vaska og klar for nye turer :-)