Kreta 24 - 31.08.12

 

Årets ferietur til dei sørlege breddegrader var

som vanleg ein kjekk opplevelse,

nytt i år var at heile familien var med og det var ekstra kjekt :-)

 

For å gjera historien kort før De ser bilder og tekst nedover

 er konklusjonen:

Varmt og godt

     og mykje god mat  :-)

 

 

Grytidleg oppe og klokka er nett passert 4.30 på morgonen og me er komme langt i prosedyrer på Flesland flyplass,

ventar berre på flygemaskina me skal fylgja no.

Fordelen med å vera tidleg oppe er at me kjem tidleg ned til varmen :-)

 

 

Me er komme Platanìas, Kreta, 

til hotellet me skal bu på. Det samme som Kåno å underteikna har budd på dei to gangene me har vore her tidlegare.

Ein fin plass med kort veg til det meste.

 

 

Kveldsbilde mot leiligheita me ( Kåno å underteikna ) hadde denne veka.

 

 

Utsikt frå balkongen vår.

 

 

Fordelen med at me var tidleg oppe var at me kom ned til lunch tid og hadde heile ettermiddagen første dag i varmen.

Kjekt å komma tilbake til vår faste lunchrestaurant, vart godt motatt av familien som driv denne :-)

 

 

--

 

 

Familien samla, fast lunchbord heile veka :-)

 

 

Kvar morgon var det tur til den lokale kjøpmannen ( 3.dje året no ) for å kjøpa ferske rundstykker til frokost

og ellers det som me treng i ei ferieveke.

Familien som driv denne butikk er den samme som tidlegare.

 

 

Stranda var som tidlegare -- FIIIN :-)

 

 

Nokre av ungdommane er komme i Middelhavet.

 

 

Gjekk ikkje lenge før guten frå nord fant ut at det var fint å kvile lunch ute på havet ---- :-)

 

 

Vart snart mykje morro i havet her.

 

 

Så skulle han "unge far" prøva flytemadrass med tanke på å kvila lunch.

Korleis det gjekk ??

Fire bilder nedover viser at det gjekk bra til slutt --- :-)

 

 

--

 

 

--

 

 

--

 

 

--- endeleg kvile ---- :-)

 

 

Temperaturmålere for land og vatn er fast inventar i kofferten,

i skyggen på land varierte det frå 33 - 36 varme på dagtid og heilt ned i 27 på seine kvelden .

 

 

Havtemperaturen var også svært fin i år,

noko kaldt på morgonen med berre 28 varme og på ettermiddagen var badetemp litt over 29 varme ( bildet under ).

 

 

Fekk besøk av kollega frå Bergen på stranda - :-)

 

 

Gata i Platanìas eine vegen når me skal ut å eta middag ----

 

 

--- og andre vegen.

 

 

Middag på kvelden er ikkje vanskeleg å finna plass til, er rikeleg av restauranter å velja i.

Utsikta er det som varierer mest og denne restaurant den som fekk besøk av oss flest ganger ( 3 kveldar ).

 

 

Eine kvelden var me samla fleire til ei kjekk middagsstund, kollega frå Voss og Bergen.

 

 

To utsiktbilder frå restauranten som likte best.

 

 

--

 

 

Me var oppom ein anna restaurant med fin utsikt også :-)

 

 

Nytt i år var at me leigde bil ein dag for å sjå oss om litt og samtidig besøkja ein vingård sidan me har ei "vinjente" i familien.

Først leigebilen vår -- var plass til 7 personer inne denne.

Gjekk bra dersom me ser bort frå at

det var lite med luftgjennomstrøyming og noko smått med beinplassen til dei som sat bakerst ---.

 

 

Vingården me besøkte.

Mykje meir om denne vingården finn DE på denne linken.

http://www.greekwine.biz/Manousakis-winery.html

 

 

Litt bilder frå omvisninga og prøvesmakinga vår på denne vingården.

Guiden vår var frå Sverige og med det var det ikkje vanskeleg å forstå info me fekk.

 

 

--

 

 

Dette gamle oliventreet hadde ein spesiell historie.

Er for lenge sidan donert til ei kyrkje i området så no er det vingården som teller om det

og kyrkja får fruktene slik eg forstod.

Treet er over 1000 år gammalt.

 

 

Meir bilder frå vingården.

 

 

--

 

 

--

 

 

Så var det prøvesmaking.

Kva me synest om resultatet ?

Fekk smaka 4 forskjellige sorter der ein av dei var best ut frå vår smak :-)

 

 

Måtte ha lunch denne dagen også og den vart inntatt på vingården,

ein tradisjonell gresk lunch med mykje god historie bak --- god var den også :-)

 

 

Etter besøket på vingården vart det ein liten biltur oppover mot fjella i området sidan me hadde bilen

( dei bakerst i bilen skulle overleve det i varmen meinte dei --- :-) )

Litt bilder frå turen som gjekk frå vingården via Laki til Omalos og tilbake til Platanìas.

 

 

--

 

 

--

 

 

Til Dykk som har gode auger så er det havet ved Platanìas me skimtar i disen på venstre side av bildet under.

 

 

---

 

 

Dei finn litt til livets opphald her oppe desse også sjølv om det er tørt og brunt ---.

 

 

Avsluttar med ispause ved denne kafèen -- var ikkje så mange å sjå her.

 

 

To dagar igjen på stranda når havet hadde endra seg mykje, var komme opp raudt flagg for badeforbud pga store bølger.

 

 

---

 

 

--

 

 

Store bølger eller ikkje,

når me er på ferie i varme land så bør kroppen få saltvatn på seg, dei klora badebasenga er nederlag meiner underteikna.

Så da var det berre å setta seg ned på trygg grunn og venta på at saltvatnet kom --- og det gjorde det ---- :-)

 

 

---

 

 

"Ungane" fant ut at sanden også kan vera kjekk å leika seg med ---- :-)

 

 

Fekk vita at det var skilpaddereir på stranda ikkje langt frå solsengene våre

og da mått me ut å sjå når det var mørkt sidan me trur at egga vert klekte i mørket :-)

Var laga fin gang mot havet for at skilpaddeungane skal finna vegen og ikkje gå seg vill blandt turistar og solsenger.

 

 

Fint tillaga over reirplassane, var to reir i sanden her.

 

 

Var bort og såg om reira tre kveldar uten å sjå noko endring,

me lyt nok venta til ein anna anledning for å få oppleva det.

 

 

Siste dag på stranda er snart over --- fint liv dette :-)

 

 

Takk for oss --- me kjem att ei gang  :-)