Fisketur i høgfjellet.

 

Når me har gjort noko to ganger så er det vorte tradisjon og tradisjoner må haldast på

og no er årets store fisketur gjennomført med glans.

Nytt i år var at me valgte 2 overnattinger ( som me fekk innvilga )

og så passa det inn slik at fiskegut nr 3 hadde anledning å vera med

( skulle vore med tidlegare også men ikkje alltid at alt passer inn ).

Litt om fiskegut nr 3:

Me som har tradisjon på denne turen sleit litt kva tittel han skulle få ----

for  1: Han er viderekommen når det gjeld ferskvannsfiske

2: er lidenskapeleg fiskar med svært go tolmodighet

og  3: han har go erfaring med fjelllivet saman med underteikna

og da vart det vanskeleg med tittel når han skulle vera saman med oss to som har laga denne tradisjonen.

Så nedover her vert han tittelert som fiskegut nr 3 når det passer inn slik

og me andre er tradisjonsgutar ---- :-)

 

Fredag ettermiddag etter grytidleg tur på jernbanen for to av oss og

gutane er komme så langt at den velfylte båten skal sjøsettjast i det fine fjellværet.

 

 

Båten flyt og tradisjonsguten var så spent på ny-innkjøpt fiskeutstyr at han måtte prøva litt

medan underteikna parkerte bil og henger --- men det var ikkje hjelp i --- :-)

 

 

Me tradisjonsgutane var svært spente på kva fiskegut nr 3 hadde i slukboksen sin --- :-)

Før turane har me mykje intern galgenhumor/ spenning/ internt hemmeleghald osv --,

 me tradisjonsgutane vart ikkje svært imponerte -----

 

 

--- når me samanlikgna med slukboksen til ein av tradisjonsgutane ----- :-)

 

 

Etter ei stund i båten skjedde dette ---- denne æ fin -- :-)

 

 

Håv er ein go redskap og første fisken på turen er "i havn" .

 

 

Ein stolt tradisjonsgut med første fisken --- :-)

 

 

Gjekk ikkje lenge før fiskegut nr 3 også fekk fisk

og da skjønner De sikkert svært godt at historiane om slukboksen gjekk svært høgt ----- :-)

( lova at eg ikkje skulle skriva mykje om  leigeavtalar osv --- men De skjønnar at humoren ligg på eit svært høgt nivå ----- :-) )

 

 

Endeleg vart det fisk som kom opp i båten på den andre tradisjonsguten ( underteikna ) også -- :-)

 

 

Ein lang båttur er over og når me skal på land er velkomstkomiteen på plass.

 

 

Så var det bilde av første fangsten ( ettermiddagsfiske på tur til teltleiren ) på denne helgeturen,

jau, me nærmar oss middag på lørdag no --- :-)

( alle fangstbilder nedover er felles fangst for alle tre fiskarane)

Og så er det sikkert mange som har lyst å kommentera / kritisera osv. medisinflaska me har med oss.

Kort fortalt så står det på etiketten på denne flaska at den bla. gjør godt på fisketuren --

-- og da har me alt vårt "på det tørre" ----- :-)

 

 

Teltleiren er byrja å verta ferdig, er berre teltet til fiskegut nr 3 at no.

 

 

Tradisjonsguten på bildet ( som også er svært go kokk ) hadde arb med å laga dagens middag.

Så spør De sikkert: Medbrakt middag på fisketur ?

Ja, arbeidsdagen på jernbanen var slik for underteikna at skulle me komma oss avgårde før det vart for seint

så var det ikkje tid til mat heime, så da laga den andre tradisjonsguten go medbrakt middag til første dag.

Var vel egentleg dristig nok å satsa på sjølvfiska til go laurdagsmiddag for 3 stk ---- :-)

 

 

Go middag er inntatt og teltleiren er nesten klar, det høgste fjellet i bakgrunnen er Fyresnipa.

 

 

Kva som gjennstår i teltleiren ?

Jau, oppblåsing av liggeunderlag.

me tradisjonsgutar er komme svært langt på dette området,

batteridrevet pumpe er kjekt å ha meiner me medan fiskegut nr 3 studere nøye kva me driv med ----

 

 

--- før han må bruka fysisk arbeid for å få liggja mjukt ---- :-)

 

 

kl. er ca 22.30 og kveldsfisketuren er byrja --- var ein svært fin kveld dette.

 

 

Måtte verta eit bilde til av denne fine kvelden før det vart for mørkt.

 

 

Klokka er 00.03 , det er rikeleg mørkt når kveldens fangst skulle fotograferast  ---- me klaga ikkje

sjølv om det var noko humor om alle dei store som me ikkje klarte å dra på land.

 

 

Hadde rikeleg med ved med oss i år også,

så go fyr på bålet for å få ein go kokmalt kaffikopp vart ei fin avslutning på kvelden.

 

 

Ny morgon ( lørdag ), noko vind og grått vær men ikkje så verst.

 

 

¨"Beautibagen" er komme til det fiske morgonvaskevatnet ---- :-)

 

 

Frokost som inneheld bla rikeleg med egg å flesk samt ny-trekt kokekafi er gosaker før ein fin fiskedag ---- :-)

 

 

Første fisketuren er gjennomført denne dagen og me er komme attende til leiren,

--- klaga ikkje ---

og no er middagen i kveld sikra ---- :-)

 

 

Rensing av dagens fangst før den skal i kjøleskapet ( bilde av det kjem lenger nede ).

 

 

Me klaga ikkje på kvaliteten heller på denne fisken --- :-)

 

 

Underteikna lika best å kosa seg med fiskerensinga ( bildet litt lenger oppe )

medan dei andre har det travelt og bruker skjærebrett ----.

 

 

 

Medan me sat med fiskerensinga skjedde det som ikkje skulle skje.

Partyteltet som skulle verna bla ved og anna for å verta vått skifta plutsleleg ( med noko støy ) fasong --- :-(

Kort fortalt var ei av vindkasta noko sterkare enn det me hadde bardunert for ----- :-(

 

 

Varte ikkje lenge etter at me var ferdige med fiskerensinga før me fekk besøk av "reinhaldsverket" her inne i fjellheimen ---- :-)

 

 

Etter-lunsj-fiske --- no ha me i allefall rikeleg mat til middagen i kveld ----.

 

 

Bilde av teltleiren no like før middagsforberedelser skal byrja,

denne gangen er Blåfjellet i bakgrunnen.

 

 

Grua er byrja å verta varm, poteter kokar snart ----

 

 

--- og me har sendt fiskegut nr 3 til kjøleskapet vårt ( snøfonna nærmast ) ,

litt ekstra trimm må han jo få sidan det er første turen hans opp her ---- :-)

 

 

Fisken er komme på grillen.

 

 

 

Gutane er klar for eit herremåltid og kort fortalt var det svært godt -- :-)

Ny-poteter, fersk fjellørret som var innbakt i medbrakt mjølblanding

og så har me fått fortalt at kvitvin passar godt til fisk ---- og det gjorde det ---- :-)

 

 

Avsluttar med bilde av kveldskos etter middagen.

Vart ikkje meir fiske på oss og forklaringa var enkel --- hadde ikkje behov for meir fisk no.

Hadde planar om meir fiske søndagen,

men da fekk værgudane skulda for at me pakka rimeleg kjapt saman og reiste ned att til bygda

( var rikeleg vått saman med nok vind ).

Takk for turen

og til Fjellet: Takk for oss -- me kjem att !