Side 2 frå turen til den Greske øya Santorini.

The beach in Kamari, Santorini.

 

Eit spørsmål som har dukka opp er korleis

ein som brukar ein del av fritida i fjellet

kan roa seg ned på ei badestrand ?

Ikkje vanskeleg ---- dvs.:

Solsengene var gode og

havet var varmt og blankt :-)

Av strandutstyr kan nemnast:

solkrem med litt faktor ,

mykje vatn på flaske

samt boksar med godsaker

frå kjøpmannen --- :-))

 

På denne sida kjem det litt bilder frå strandlivet i Kamari.

Byrjar med utsikt over den fine stranda, som De ser så er sanden svart,

dette pga at Santorini er ei lava øy.

 

 

Nærbilde mot litt av stranda.

har prøvd å teikna inn kvar hotellet vårt var ( omtrent ved ringen til venstre )

 samt kvar me hadde basen vår på stranda.

Som skrive tidlegare så var det kort veg mellom desse to plassane :-)

 

 

Stranda andre vegen.

 

 

Så er underteikna klar for turen ut i Middelhavet, ser fint ut dette :-)

 

 

Dette var godt ----

var berre å leggja seg ned og så flyta i lag med bølgene -- :-))

 

 

Var god plass til alle sjølv om det ser trangt ut på bildet under.

 

 

Båten på bildet under gjekk mellom Kamari og Perissa som ligg på andre sida av fjellet.

Vart fortalt at det var fint å ta båten til Perissa for så å gå over fjellet tilbake.

Skal vera usagt korleis rutetidene var, gjekk heile dagen kun med opphold for av / påstigning.

Ingen kai til båten, køyrde inn i sanden så langt den kom, så fekk passasjerane gå resten :-)

 

 

Var litt forskjellig når det gjaldt seljarar på stranda,

men dei var høflege dersom me ikkje ville kjøpa noko.

Var også nokon masasje jenter / gutar.

Dette vart prøvd og ut frå tilbakemeldingar så var dei flinke både på hodemasasje ---

 

 

----- samt rygg og fotmasasje -- :-)

 

 

Så nokre bilder frå fjellveggen der fleire prøvde det som underteikna vil kalla Ekstremsport :-)

Er helst høgt ned her ---, vil anslå 15 - 20 meter med eit stykke ut frå hoppkanten

som er oppe der De ser ein som nyt utsikta !!

 

 

Vår venn frå Tyskland / Serbia prøvde dette og bildene under viser korleis det gjekk.

Har her brukt "klipp å lim" for å få med mest mulig av hopp.

Helst luftig svev over bergveggen her -- :-)

 

 

Vannflata nærmar seg og landinga gjekk bra :-)

 

 

Eit utsikt bilde til ei øy, mest truleg Anafi, som ligg noko lenger øst.

Ser ut som det er snø på toppane, men det er nok ein by det kvite her.

 

 

Kveld på stranda, sola gjekk ned ca kl. 18.00 på denne delen av stranda som me var.

 

 

Avsluttar denne sida med ein av dei som overtek stranda når alle med solkrem og mykje anna

har fått nok sol og havsalt for dagen -- :-)