Side 5 frå turen til den Greske øya Santorini.

Båttur på vestkysten av Santorini.

Denne turen var ein opplevelse,

spesielt når me hadde vore på busstur dagen før

og fått mykje god info om kva

som var langs vestkysten.

Denne turen var med Gresk middag ombord,

noko som smaka svært godt :-)

 

Første bilde er tatt frå bussen og ned mot havna i Athinios

der båten "King Thiras" hadde basen sin.

 

 

Nede frå kaien og oppover fjellsida.

Til Dykk som har gode auger så ser De ein buss oppe i fjellsida på den svingete og bratte vegen.

 

 

Er komme ut på fjorden og dei bratte vulkanveggene fortel mykje historie.

 

 

Santorini var ( slik underteikna har forstått ) i tidlegare tider ei nesten rund øy.

Vart fortalt at dette havområdet

"inne på øya" var for mange år sidan

eit fjellparti på ca 1000 m.o.h.

Etter vulkanutbrudd så er det no

ca 400 meter til havbotnen.

Ser De på kartet over Santorini så er

det nokre øyar att vest for hovedøya,

Båtturen vår har eg prøvd å merka

med rødt strek og gjekk samme ruta begge vegar.

 

 

Utsikt mot Fira, hovudstaden på Santorini.

Som De ser til venstre i bildet så er det helst bratt og svingete veg ned til havna her også.

 

 

Har fått tilsendt mange fine bilder frå våre venner i Bergen.

Under eit bilde som dei har tatt ute på kanten i Fira.

 

 

Eit par bilder frå båten.

 

 

Båten på veg mot solnedgang

 

 

Ei lita kyrkje ( det kvite De ser til høgre oppe i fjellveggen ) med navn Panaghia Malteza under Imerovigli

( ein av plassane me besøkte på bussturen ).

Denne kyrkja er reist av ein sjømann som havarerte i området, men som berga livet.

Denne sjømannen var sikker på at det var Jomfru Maria som hadde berga livet hans,

så da bygde han ei kyrkje til æra for Jomfru Maria.

Har limt inn nærbilde av kyrkja ( sett frå sjøen ) nede til høgre.

 

 

Så er me komme til Oia som er vendepunktet på båtturen.

Solnedgangen denne kvelden var finare enn dagen før.

Under kjem to bilder av sola sett frå sjøen.

Dette var eit fin syn med eit utruleg fint lys.

Diverre så gjorde disen denne kvelden også at sola vart borte før den gjekk i havet.

 

 

----

 

 

Oia sett frå sjøen etter at sola hadde gått ned.

 

 

Båten gjekk svært sakte forbi Fira på tilbaketuren og med det bilde av Fira i kveldsstemning.

 

 

Avsluttar reiseskildringa frå denne turen vår med båt.

Båt hadde sikkert vore kjekt å ha, og på båtturen vår var vurderinga inne

om denne på bildet under hadde vore noko å ha -- ?? --- :-)

Det ser ut som er stor nok for underteikna med familie og

av utstyr har den sikkert det meste av det me treng ----- :-))))

Til slutt kjem det store spørsmålet: Vert det fleire sydenturar på oss ??

Har i alle fall ikkje vorte skremde, gjerne det motsatte   -- :-))