andre side frå turen til

Santorini 2011.

 

På denne sida kjem det bilder frå underteikna sine to føremiddagsturer i varmen på Santorini.

Er mange bilder nedover her, trur De får opna alle :-)

 

Første tur var målet å komma opp den svingete vegen som går oppover mot den gamle byen Thera

som ligg oppe til venstre i første bildet her.

Korthistorien om denne byen fekk eg sist eg var her nede og den er som følger:

Byen er ca 2500 år gammal og her var fastbuande til ca 700 år e.kr.

dersom underteikna forstod rett den gangen.

Byen ligg ca 350 m.o.h.

 

 

Etter besøk i den gamle byen var plan å gå bort til den vesle kyrkja som ligg i fjellsida her oppe

og så ned att til Kamari beach.

 

 

Er byrja på svingane oppover, mykje fint murararbeid.

Vert nok ikkje vanskeleg å halda varmen oppover ---.

 

 

Gamal brustein, dei kunne leggja fast vegdekke i gamledagar :-)

 

 

Er vorte godt merka at det er skarpe svinger :-)

 

 

Er komme til enden av bilvegen og utsikt ned til Perissa.

 

 

Er komme opp i gamle byen.

 

 

Utsikt mot Kamari her oppe frå.

 

 

Nærbilde mot der me held til.

 

 

Litt gamle figurer her oppe.

 

 

--

 

 

Trappetrinn mot sentrum av gamle byen.

 

 

Så vert det mykje av dei gamle ruinane i den gamle byen nedover.

 

 

--

 

 

Kart over det som mest truleg har vore eit sentrum her oppe.

 

 

Litt tekstinfo her oppe ( var mange av desse for dei som er flinke i denne dialekta ).

 

 

Meir stein som er gravd.

Utgraving har dei drive med siden 1895 her oppe

 

 

Oppslagstavla såg mest truleg slik ut for eit par tusen år sidan .

 

 

Dette har nok vore eit stort hus.

 

 

--

 

 

Er komme til enden av den gamle byen og utsikt mot Perissa.

 

 

Nærbilde mot Perissa.

 

 

Ei lita kyrkje i fjellsida ytterst i denne gamle byen,

fin utsikt over Kamari frå kyrkja som ligg til venstre i bildet.

 

 

Siste punkt her oppe er eit vakthus ( var fleire slike vakthus her oppe ) ,

var vakter inne i huset som passa på at me ikkje gjekk utom sperringane

 

 

På veg tilbake og bilde av det som mest truleg har vore hovudgata ut på ytterste pynten av fjellet her oppe

 

 

Er komme ned til den vesle kyrkja som ligg i fjellsida over Kamari ( 2.dre bildet frå toppen her ).

 

 

----

 

 

Utsikt mot Kamari frå denne kyrkja.

 

 

Kyrkjeklokkene.

 

 

Bilde av stien opp til kyrkja, mykje godt arbeid utørt her

 

 

Ny dag og ny føremiddagstur,

denne føremiddagen vart båten brukt for å komma til Perissa og så spasere tilbake.

 

Båten kjem frå Perissa ( går fram og tilbake mellom Kamari og Perissa frå ca 10 på føremiddagen og til ca 5 på ettermiddagen ),

har ikkje greie på sjø og båt men ser ut til at båten går helst djupt i sjøen når den er godt lasta

 

 

Båten var godt lasta tilbake til Perissa også --

 

 

-- nokre valde å sitta på framdekket på turen for å få gynga seg skikkeleg i bølgene :-)

Som nokon sa da billettøren kom  "-- må me betale for å verta sjøsjuke også -- " --- :-)

 

 

Tilbakeblikk mot Kamari.

 

 

Er komme rundt neset me ser frå stranda der me ligg.

 

 

Bratte fjellsider opp frå sjøen her,

dette vert utenfor det ytterste punktet på gamle byen oppå fjellet.

 

 

Styrmannen bruker foten for å navigere inn til Perissa.

 

 

Snart komme inn til Perissa.

 

 

Turen gjekk fint.

Ingen vart sjøsjuke, kun våte på beina under ombordstigning og ilandstigning.

 

 

Litt av stranda i Perissa.

 

 

Litt av strandgata i Perissa.

 

 

Underteikna skal no litt oppover gata her og så ta av til høgre.

 

 

Ei lita kyrkje i fjellsida over Perissa også.

 

 

Ser ut til at stien eg skal fylgja går oppover her, er ikkje så langt før eg er komme opp ser det ut til.

 

 

God info om kvar vegen går....

 

 

Tilbakeblikk mot Perissa.

 

 

--

 

 

Fin sti oppover.

 

 

Er ikkje sikker på kva dette på bildet under her er,

kan sjå ut som det er nokre forsvarbygningar frå gammal tid.

 

 

Er snart komme opp no og tilbakeblikk nedover stien eg har fylgt på venstre sida av dalen.

 

 

Avsluttar på parkeringsplassen i enden av vegen som kjem frå Kamari.

Skal no fylgja dei over 20 svingane ned att til Kamari beach ( der eg gjekk opp på turen over her ).

Det var to fine føremiddagsturer i god varme.

Kjem De ned her ei gang så kan eg anbefale begge turane :-)

Konklusjon for denne veka vår er:

Ei avslappande veke uten tanker for noko av alt som skulle vore gjort heime :-)