side 1 frå

Skånevik Bluesfestival 2011

 

Ei kjekk helg i Skånevik er over --

og som tidlegare år har det vore svært mykje morro og me sit me att med mange gode minner,

både musikkalske og på det sosiale området --- :-)

Mykje bilder dette året også som vert delt ut over fleire sider.

På denne sida kjem det litt frå teltleiren samt frå House of Blues,

meir bilder kjem litt etterkvart.

 

Byrjar med oss to som reiste saman med pickup bilen,

fast tradisjon på tur mot festival er kaffi-winerbrød pause ved Åkrafjorden --- :-)

 

 

Me har nådd målet: "Beverly Hills" i Skånevik.

Me oppdaga fort at me var for seint ute -- teltet måtte settast opp i noko brattare område i år enn tidlegare.

Men for to spreke ungdommar med godt festivalhumør så er det ikkje vanskeleg å bu i litt brattlende,

kan verta mykje morro av det også --- :-)

 

 

Bildet under fortel litt kor bratt det var -- medbrakt niste står så vidt på bordet --- :-)

(  fotoapparatet er halde vannrett )

 

 

Første kveld er vel gjennomført ---

dvs bru over veg-grøfta til leiren ville hjelpa mykje -- og da vart det lånt litt enkelt utstyr for å få bru :-)

Bru-byggjarane frå sist år ordna transport både til og frå byggeplassen ( vart levert tilbake på søndag )

 

 

Prøve på brua --- virka fint denne uten å verta våt på beina --- :-)

 

 

Fredag morgon --- det regna og for å få tørr frokost vart partyteltet sett opp.

Ikkje vanskeleg å få medhjelparar denne morgonen -- var fleire som ynskte tørr ete-plass --- :-)

 

 

Leiren er komplett --- værmeldingane kan no vera som dei vil --- :-)

Som De ser har me fått eit bord til i teltet --- og vinkelen på det er noko anna enn på vårt første bord.

Årsaka er enkel:

Ein mekaniske interisert teltnabo har vore her før og "beint bord" planen vart gjennomført før denne festivlen ( innlimt bilde ).

 

 

Deler av nabogjengen er samla til morgonkaffi  :-)

 

 

Blomst på bordet er viktig :-)

 

 

Vår gode teltnabo frå Hallingdalen på plass i år også :-)

 

 

Kreative naboar som meinte at eit eige cruice med ferjo her hadde vore ein stor opplevelse.

Plakat kom opp.

 

 

Primusen godt plassert på det beine bordet.

 

 

Ein glad Svenske med gitar kom på besøk -- mykje fin lyd i denne :-)

 

 

Kjenneteikn i teltleiren vår: Godt humør !

 

 

Lørdag og nye teltnaboar er komme til leiren vår --- bilde er ein fin måte å ynskja dei Velkommen på --- :-).

 

 

Vart bilde av to som passar på oss i år også --- dei er flinke :-)

 

 

Avsluttar bildeserien frå teltleiren med ei teltstang --- me er vorte flinke å spjelka teltstenger  -- :-)

 

 

 

House of Blues var me innom alle dagar , først nedover her kjem bilder av dei artister me fekk med oss.

Never The Bride spelte torsdag kveld.

 

 

--

 

 

The Penny Black Remedy spelte etter me hadde vore på Blues cruise på fredag.

 

 

--

 

 

Så var det Vidar Busk & His True Believers sin tur.

 

 

--

 

 

Må nett ta med bilde av "pianisten" til Vidar Busk også.

 

 

Lørdag etter bluescruice fekk me med oss Stavangerensemblet.

 

 

--

 

 

--

 

 

Mykje Bluesgjester i House of Blues.

 

 

Naboar frå teltleiren i festivalstemning --- :-)

 

 

Bluesgut !

 

 

Ein Bluesgut til -- :-)

 

 

Teltnaboen frå Hallingdal og ein Bluesgut som ikkje hadde Blueshatten frå tidlegare år på seg når bildet vart tatt.

 

 

Glad gut som underteikna har gått på skule saman med i 9 år.

 

 

Blueskjenningar frå tidlegare år måtte det sjølvsagt verta bilde av ---

 

 

--- og sjølvsagt bilde av to frå gjengen "Godt Bluesa" også.

 

 

Avsluttar denne sida med bilde av to glade ungdommar der jenta kjem frå heimbygda vår.