Skånevik Bluesfestival

 2008.

 

Gutane har vore på festival i år også,

kort fortalt kan dette oppsumerast slik:

Fin Musikk , Fint Vær

og Godt Humør på alle festival deltakarar.

Denne helga lever me lenge på,

er ikkje lenge til neste år ----- :-)

 

Mykje bilder som er delt på

tre linker i menyfeltet,

vil tru at bildene fortel at

dette har vore mooorrrroo !!

 

På denne første sida vert det litt ymse frå bla turen ned til Skånevik,

litt festival stemning

samt konsertbilder frå det store Blues-teltet.

 

Byrjar i Kvandal der underteikna skal reisa med ferge til Utne

( reisekameraten kom litt andre vegar pga arbeid )

 

 

Litt omvisning hjå dei som styrer ferga også :-)

 

 

Snart i land på Utne

 

 

Pause i Odda

 

 

Så er guten komme fram og med litt hjelp så var det fort gjort å få opp telt,

alt måtte vera klart til reisekameraten kom --- :-)

Som De ser så var det ikkje heilt flat teltplass i år heller, men dette gjekk svært bra :-)

På bildet under den eine av medhjelparane under reising av telt / fortelt.

 

 

Teltplassen vår med fin utsikt

 

 

Fleire "telt-snikkarar"

 

 

Varte ikkje lenge før det sosiale selskap var på plass ----

må jo verta kjent med naboane og andre festivaldeltakarar før me skal på konsert --- :-)

 

 

Vart einige om at nabojentene ( som kom litt seinare til nabo-praten ) på bildet under var "Søstrene sisters".

 

 

 

Ikkje så mykje konsert på fredag, var fint å nyte festival stemninga også :-)

 

På veg til konsert og bilde til av fleire naboar som skal settja opp telt, gjekk bra dette også :-)

 

 

Fredag kveld i det store teltet og der fekk me fin blues med Big Jack Johnson,

nokre bilder frå denne konserten nedover.

 

 

---

 

 

Her gjekk det unna --- :-)

 

 

Under denne konserten vart "festivalens scene-legger" uhøgtidleg kåra av underteikna --- :-)

 

 

God stemning utafor teltet, måtte nett ta bilde av desse to:

"Denne er min ------ :-)) "

 

 

Festival deltakarar med godt humør var til slutt einige om

kven som skulle ha det dei "krangla om" ---- :-)

 

 

Ny dag, me reisekameratane i lavo teltet var tidleg oppe.

Utafor eit av nabotelta såg det slk ut --- var visst varmt inne ---- :-))

 

 

Kaffi og god festival frokost må til før ein laang blues-dag :-)

 

 

Varte ikkje lenge før naboar lukta kaffi --- dei kom fort ut av soveposane da --- :-))

 

 

Så er me reisekameratane klar for

det første på programmet vårt denne dagen, Blues-Cruice.

Mykje bilder frå turen ute på fjorden på neste link.

 

På bildet nokre av naboane våre som nyt føremiddags sola :-)

 

 

To av dei som passar på oss under festivalen.

 

 

På veg mot sentrum og bilde av eit fint kjøretøy :-)

Problemet med dette bildet var at det

måtte fleire bilder til for å få bilde av motorsykkelen ----

----- som De ser på innlimt bilde -----

var mykje folk som gjekk etter vegen mellom fotograf og motiv ----- :-)))

 

 

Kjekt å treffa att festival deltakarar frå sist år, slik som denne gjengen.

 

 

Innom hotell plenen der bla. Hungry John skulle halda konsert litt seinare.

 

 

Fekk diverre ikkje denne konserten med oss,

men bilde av guten som er godt kjent med munnspelet sitt :-)

 

 

Ein liten pause på plenen for oss også før båt-turen,

 

 

Så hoppar me til litt sein ettermiddag, gutane har høyrt musikk i fleire timar og da er det middagstid :-)

 

 

Først i blues teltet denne kvelden var Vasti Jackson.

 

 

---

 

 

I pausen mellom artistane trefte me att nokon av naboane våre,

og når ei av "Søstrene Sisters" hadde fått seg Blues caps så måtte det verta bilde --- :-)

 

 

Fleire frå gjengen "Godt Bluesa".

 

 

Den neste på scenen i teltet var Delbert McClinton

 

 

----

 

 

Underteikna fekk med seg litt her før turen gjekk ned til "House of Blues",

mykje bilder der i frå på eigen link.

 

På denne sida avsluttar eg med kvelds bilde frå kaien i Skånevik.

Da gjennstår det berre å sei Takk for denne helga,

det er ikkje lenge til neste år ---- og da vil eg tru at me kjem att !