FORENINGA Trehjulsgutane

 

Endeleg vart det tur for foreninga Trehjulsgutane

Diverre så vart det meldt forfall av 1.ste styremedlem,

så me vart berre 2/3 Trehjulsgutane denne gangen

 

Kvart år har me eit tema for turen

og etter eit kort møte der alder vart diskutert kom me fram til at årets tema er "Tupè".

På bildet til høgre ser De forslag til ny "Tupè" for bruk på Rallarvegen :-)

 

 

Mange bilder er det vorte, noko nedover på denne sida

og mange fleire bilder ein dag seinare.

 

Første bilde av to glade gutar som er komme til Hallingskeid der denne turen starta.

 

 

Med tog til Hallingskeid og NSB personale som passa godt på oss.

 

 

Toget reiser vidare og me står att,

på tide med eit glas ----??  -- :-)

 

 

Me er komme på plass på overnattingsplassen vår

og friske blomster er nett plukka.

Litt bord-pynt høyrer med .

 

 

Fiske høyrer med på turane våre,

nokre bilder frå fisketuren vår som starta litt før det vart mørkt.

Me er nett komme til elva, tru om fisken bit i kveld ??

 

 

Mark-fiskar ved elva.

 

 

Kveldstemning, kan me ha det finare enn dette ??

 

 

Så vart det mørkt og månen kom fram.

Ei utruleg fin stund ved elva i måneskin,

fisken var helst snill ----, me hadde ikkje problem med  fiskebit  :-)

 

 

Ny dag og studieoperatøren i foreninga har funne seg ein ny bokstav,

tru kva dikt denne kan brukast til ??

 

 

Ved turisthytta på Hallingskeid der gjestene fekk besøk av Trehjulsgutane.

 

 

Mykje syklistar på Rallarvegen denne dagen, her ved Hallingskeid.

 

 

Utsikt mellom Hallingskeid og Grøndalen.

 

 

Utsikt mot Grøndalsvatnet.

 

 

Så var me i nærkontakt med Ravn, ein fugl som er helst sky.

Vart til at den letta på seg når fotografen vart for nærgåande.

 

 

Meir syklistar, her på veg mot Grøndalsvatnet.

 

 

Bilde av denne fotograf på Rallarvegen.

 

 

Etter ein laang fotopause så skulle på vegen att,

spørsmålet på bildet under vert:

Korleis skal me angripa dette --???

 

 

------ nei ---, me lagar pausen litt lenger ---- :-))))))

 

Som De sikkert skjønar så har me mykje morro langs Rallarvegen.

Meir bilder frå turen kjem seinare -- :-))