Draumehelg i fjellheimen

mellom Vola og Tvinnestølen 2 - 4 september.

 

Endeleg vart det ei langhelg i fjellheimen, noko som det har vore prat om lenge.

Værmeldingane var lovande og då brukte me ikkje lang tid å å bestemma oss for tur.

Her var det berre å snu seg rundt for så å pakka telt, sovepose, fiskeutstyr

samt  litt proviant i tilfelle utbyttet i fjellet ikkje vart nok til å leva av ---- :-)

 

Med bil eit stykke og dyra på første bilde ynskjer oss velkomne til fjells.

 

 

Så får me håpa at me slepp å ta hensyn til skiltet på bildet under -- :-))

 

 

Noko av det første me går over er bruene ved Voladammen

som er akkurat tilpassa ryggsekk med telt på tvers av sekken.

 

 

Som De ser så var ikkje været noko å skryta av, helst dårleg sikt og vått.

 

 

Snart nede ved Volahyttene.

 

 

Hovudhytta på Vola.

 

 

Sikringshytta på Vola.

Som De no ser så er været byrja å komma seg, tru om værprofetane har rett for resten av helga ??

 

 

Sola viser seg fram og det vart kveldstur med fiskestonga.

 

 

Nokre stemningsbilder med kveldssol ved Vola, finare kan me ikkje ha det :-)

 

 

-----

 

 

------

 

 

Kveld ved Nedsta Piksvatnet.

 

 

Kveld --- på tide å gi seg med fiskinga no før det vert heilt mørkt.

 

 

Om det vart fisk ??

Jau, her er fangsten første dagen ---- dette lovar bra for dei neste dagane :-)

( dersom de ser resten av bilder som kjem seinare,

så er turkoppen med på alle fangstbilder slik at de kan sjå forskjell på fiskestørrelse )