Draumehelg i fjellheimen

mellom Vola og Tvinnestølen 2 - 4 september.

dag 2

( Denne dagen var ein fin dag i fjellet, så det er mange bilder nedover på denne sida. )

 

Ny dag med sol og vindstille i fjellheimen og byrjar med Voss Utferdslag sine hytter i Vola.

 

 

Fossen ved Volahytta.

 

 

Eit bilde til mot Vola hyttene.

 

 

Nokre bilder langs Nedsta Piksvatnet,

fekk fortalt frå lokalkjende som me møtte at det var sjeldan at det var blikk stille på dette vatnet.

 

 

Så har me pause i "solveggen" og dette bildet er svært spesielt, men diverre ikkje så lett å sjå.

Så derfor litt tekst:

Frå rasteplassen vår ser me med kikkert reinsdyrjegrar som har fått kvoten sin,

reinsdyrflokken på øverste snøfonna omtrent midt i bildet,

eit blikkstille Nedsta Piksvatn og to karar som er ute med robåt.

Kan me ha finare rasteplass ??

 

 

Vidare innover langs Nedsta Piksvatnet.

 

 

Gammal stølsmur ved Nedsta Piksvatnet.

Fylgjande tilbakemelding er komme ang murane:

" Murane som du har teke bilete ved Stora Piksvatne

er gamle murane til sele som i dag står på Tvinnestølen.

Det var flytta rundt år 1900 p.g.a. at det ofte låg mykje snø i vegen

opp frå der selet står i dag og difor vanskleg å få dyra ned til Storavatne."

Takk for tilbakemeldinga frå kjentmannen i området !

 

 

Smal veg :-) ( er smale me som gjekk forbi også ---- :-)))    )

 

 

Mevatnet ( også kalla midtvatnet ), fiskestanga vart brukt her også :-)

 

 

Så er me komme til Tvinnestølen.

De finn meir info om denne gamle stølen på sida til Voss Utferdslag

 

 

Eit bilde til frå Tvinnestølen. Øvsta Piksvatnet bak hytta.

 

 

Me hadde telt med oss, så etter ein runde med fiskestanga bar det vidare utanfor oppmerka vegar,

på bildet fjellparti mellom Tvinnestølen og Borgavatnet.

 

 

Kaffipause på høgaste punkt på turen vår, noko over 1100 moh.

 

 

Utsikt mot Lønahorgi frå rasteplasen vår. Mevatnet "nede" i bildet.

 

 

Nærbilde av Lønahorgi.

 

 

Etter nokre meter gange frå rasteplassen vart det eit bilde til retning Lønahorgi.

For dei av Dykk so har gode auger så ser De

at me har gått gjennom eit "pass" omtrent midt i bildet.

"Brenner-passet" vart nemt,

me døypte dette "passet" for "Cointreau-passet" etter kaffipausen vår -- :-)))

 

 

Frå bildet over så var utsikta 180` andre vegen mot Borgavatnet med Kvitanosi i bakgrunnen.

 

 

Utsikt mot Seljeborgi ( Borgi ).

Det er ein gammal støl som tilhøyrer garden Selje i Holbygdi.

 

 

Nærbilde mot Seljeborgi, murane etter stølshuset under dei store steinane til venstre i bildet.

Dette vil underteikna tru var ein fantastisk plass å vera budeiebalt -- :-))

 

 

Murane etter stølshuset i Seljeborgi ( arkivfoto frå 3.08.01 ),

underteikna var ikkje opp til murane denne gangen.

 

Panoramabildet med eigen link i menyfeltet viser området frå Borgavatnet til Seljeborgi.

 

 

Me har funne oss leirplass i området ved Borgavatnet og teltet er komme opp.

Finare leirplass skal me leita lenge etter -- :-)

 

 

Siste solstrålane ved teltet.

 

 

Sola er gått ned og kokken har starta arbeidet med middagen.

 

 

Kveldsfiske og eit stemningsbilde frå fiskeplassen.

 

 

Så er det tid for kveldskaffi og stormkjøkkenet er fyrt opp att.

 

 

Om det vart fisk denne dagen ??

Jau, me kan ikkje klaga  -- :-))

Meir bilder frå dag 3 kjem seinare.