Draumehelg i fjellheimen

mellom Vola og Tvinnestølen 2 - 4 september.

dag 3

 

Hugsar De bildet av gamle murar frå side 2 av fisketuren i Volatraktene ?

 

Fylgjande tilbakemelding er komme :

"Murane som du har teke bilete ved Stora Piksvatne er gamle murane til sele som i dag står på Tvinnestølen. Det var flytta rundt år 1900 p.g.a. at det ofte låg mykje snø i vegen opp frå der selet står i dag og difor vanskleg å få dyra ned til Storavatne".

Ny dag og diverre så er det litt regn i lufta ( værprofetane har bomma stygt ) og med det ikkje så mykje bilder.

 

Det første som skjer teltbebuarane er "ein tur på badet".

No er det slik i fjellheimen at det er litt vanskeleg å finna kranen for varmt vatn,

trøysta vår er at dette er mykje vamare enn når samme gutane er på jakt ein - to månader seinare -- :-)))

 

 

Frukost kokken.

Menyen består av "egg å flesk" samt mykje godt smør og anna pålegg :-)

 

 

Utsikt til Kvitanosi frå leirplassen.

 

 

Fiskestanga vart sjølvsagt brukt i dag også,

på bildet dagens første fisk til ein godt nøygd heimesidesnikkar -- :-)

 

 

Utsikt mot Borgavatnet, som De ser så er været helst grått og vått.

 

 

Naturens kunstverk ved Borgavatnet.

 

 

Siste bilde frå ein storarta tur i fjellheimen er dagens fangst frå dag 3.

Ikkje verst dette heller -- :-))

Til Dykk som studerer fisken så er desse tatt i to forskjellige vatn

og mest truleg så er beiteforhold/ snøsmelting ( sein vår )

 årsaka til at to av dei er mykje "feitare" enn dei to andre.

Stor Takk til turkameraten for ei fin helg i fjellheimen,

dette må me gjera oppatt !